Hopp til innhold

Alle får gåver når dei døyper

Det er tradisjon at gudmora til ein båt får ei gåve.

Navarsete under dåp

Det er ein internasjonal tradisjon at gudmødre får gåver. Her er Liv Signe Navarsete i rolla i 2006.

Foto: Simon Solheim / NRK

  • LES OSGÅ:

- Gåver er heilt vanleg til gudmødre, seier kommunikasjonsdirektør i Fjord, 1 Ingrid Færøyvik.

Meldt for korrupsjon

Ingrid Færøyvik

kommunikasjonsdirektør i Fjord, 1 Ingrid Færøyvik.

Foto: privat

Debatten har gått høgt rundt Senterpartileiar Liv Signe Navarsete etter at ho mottok eit armband til over 26 000 kroner under ein skipsdåp av ei av dei nye gassfergene til Fjord1 i Florø for fire år sidan.

Ho har mellom anna blitt skulda for korrupsjon, og no er ho også meld til politiet.

Eldgammal tradisjon

Rød Ungdom anmelder Navarsete

Rød Ungdom har meldt Liv Signe Navarsete til politiet for korrupsjon.

Foto: P4 Nyhetene/Anne Siri Nørstebø Walker

Færøyvik seier gudmorgåver er ein tradisjon.

- Det er ikkje berre ein nasjonal tradisjon, men det er ein internasjonal eldgammal tradisjon. Det er ein takk for innsatsen til gudmora for den jobben ho gjer, og for ansvaret som følgjer med, seier Færøyvik.

Navarsete har lagt seg flat i media etter at armband-saka vart kjendt.

- Eg har beklaga det. Då eg fekk gåva visste eg ikkje verdien av den. Eg burde ha tenkt på det, men eg gjorde det ikkje, seier partileiaren.

Heilt vanlege gåver

Stoltenberg og Navarsete

Statsminister Jens Stoltenberg har forsvart Senterpartileiaren i media dei siste dagane.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

I tillegg til eit hardkøyr i media og kraftig kritikk frå fleire hald, har ho også fått ein del støtte.

Administrerande direktør i Havyard Leirvik, Geir Johan Bakke, seier dei alltid gir gåver til gudmødre

- Klokker og armband er heilt vanlege gåver.

Behandlar alle likt

Navarsetes armbånd

Her er armbandet som har ført til krass kritikk av Liv Signe Navarsete

Foto: Odd Helge Brugrand / Scanpix

Kommunikasjonsdirektøren i Fjord 1 seier gåvene er dei same om ein er statsråd eller ikkje.

- Alle gudmødre vert behandla likt frå verftet og rederiet si side uavhengig av kva posisjonar dei har.