Hopp til innhold

Stoltenberg fekk båt til 380.000

Jens Stoltenberg fekk i 2009 ein båt til ein verdi av 380 000 kroner i 50-årsgåve av ei samla arbeidarrørsle. Gåva har ikkje vore rapportert inn til Stortinget.

Stolteberg båt

Statsministeren mottok båtgåva under 50-årsdagen sin i mars 2009, saman med denne karikaturen.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / Scanpix

Båten var av typen Skager 660, og kosta 379.337 kroner, skriv Finansavisen.

Ho var gjeven av LO, Arbeidarpartiet og andre forbund i arbeidarrørsla under Stoltenberg sin 50-årsdag i 2009.

Gåva er ikkje å finne i gåveregisteret til Stortinget. I registeret står det at Stoltenberg tek imot honorar som leiar av Arbeidarpartiet, men under punktet gåver står det berre oppført teppegåver frå statsministrane i India og Aserbajdsjan.

– Burde vore rapportert

Ola Elvestuen

Ola Elvestuen i Venstre meiner gåva burde vore rapportert.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Ola Elvestuen i Venstre reagerer på at gåva ikkje er rapportert.

– Det er klart at ei gåve på 380.000 kroner til statsministeren frå arbeidarrørsla som ein interesseorganisasjon er i offentlegheita si interesse og sånn sett burde vore rapportert.

Han meiner gåva er av ein storleik som ikkje er vanleg blant norske politikarar.

– Det er ein ekstravagant og stor gåve i ein 50-årsdag. Då Lars Sponheim vart 50 år fekk han ein kikkert av Venstre. Arbeidarpartiet opererer i ein heilt anna dimensjon enn alle andre parti når det gjeld gåver.

Meiner det var godt nok kjent

Raymond Johansen

Raymond Johansen i AP meiner gåva ikkje har vore skjult for offentlegheita.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Partisekretær i arbeidarpartiet, Raymond Johansen, seier at dette på inga måte er halde unna offentlegheita.

– Dette var jo ein svært offentleg 50-årsdag. Det var vel ikkje eit einaste medium som ikkje dekte det. Alle gåver var offentleg tilgjengelege. Det at han fekk båt i gåve var også meldt i fleire medium, seier han.

Johansen meiner at statsministeren har skriftleg opplyst til Stortinget at han tok imot fleire gåver til 50-årsdagen, og at han kunne spesifisere gåvene om dette var ønskeleg.

Men ifølgje Finansavisen rapporterte statsministeren om gåva til Stortinget først eit år etter bursdagen fann stad.

Det er ei ekstravagant og stor gåve i ein 50-årsdag. Då Lars Sponheim vart 50 år fekk han ein kikkert av Venstre.

Ola Elvestuen, Venstre

Gro fekk bilete

Gro Harlem Bruntland talte i dag på AUF sin sommarleir på Utøya. Ho ville først ikkje kommentere båtgåva overfør NRK. Men seinare opplyste ho at ho også fekk dyre gåver til 50-årsdagen sin.

– Eg fekk eit maleri av LO til 50-årsdagen min. Det var ingen liten vase eller noko sånt, eg fekk ein ordentleg stor gåve.

Rapporterte du det inn til gåveregisteret?

Gåveregisteret og sånt, det var det ikkje den gongen. Så gløym det.

Mykje gåvetull

Båtsaka føyer seg inn i rekkja av mange saker om statsrådar i gåvetrøbbel.

SPs Liv Signe Navarsete vart kalla inn på teppet i fjor haust etter pengestøtte frå kraftkonsernet Eidsiva. I tillegg fekk ho kraftig kritikk for ei armbandsgåvefrå Røkke.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen lot vere å opplyse i sjølvmeldinga om to Afghanske teppe ho fekk i gåve, til ein verdi av 44.000 kroner.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre fekk også Afghanske teppe utan å rapportere dei inn.

Er det greitt at Stoltenberg tek imot båt i gåve frå arbeidarrørsla? Diskuter under.

AKTUELT NÅ