Hopp til innhold

Aktor krev 12 års fengsel: – Utnytta sårbare, mindreårige jenter

Påtalemakta vil ha mannen fengsla i 12 år for ei rekkje valdtekter og grove overgrep. – Når han fekk tillit hos jentene, utnytta han dei seksuelt, meiner dei.

Tiltalt i overgrepssak fra Innlandet.

VIL HA STRENG STRAFF: 51-åringen frå Innlandet blei pågripen i 2018 og har vore varetektsfengsla sidan. Påtalemakta vil at mannen skal dømmast til 12 år i fengsel.

Foto: Charlotte Rintler / NRK

I Sogn og Fjordane tingrett slo statsadvokat Kristine Knutsen-Berge fast i dag at ho er sikker på at 51-åringen frå Innlandet står bak ei heil rekkje valdtekter og overgrep frå 2004 og fram til han blei pågripen i 2018.

– Det er ingen tvil om at han brukte fornærma si sårbarheit for å skaffe seg seksuell omgang. Forklaringa hans i retten var heilt utan truverd, sa ho før retten blei avslutta fredag.

– Han utnytta mindreårige, sårbare jenter, meiner aktor.

Ei kvinne frå Sunnfjord og fire kvinner frå Innlandet er dei fornærma i saka. Dei var alle mindreårige eller svært unge då overgrepa skal ha skjedd.

Frå mannen blei fengsla første gongen i 2018 til no, har han endra forklaringa si frå at han ikkje har gjort noko seksuelt mot dei fornærma, til å innrømme fleire hendingar.

Han stod likevel på sitt i retten og meiner at han er uskyldig, noko forsvararen hans også repeterte under avslutninga av saka i dag.

Statsadvokat Kristine Knutsen-Berge i Sogn og Fjordane tingrett 7. september 2020.

AKTOR: Statsadvokat Kristine Knutsen-Berge meiner det er ingen formildande omstende rundt sakene mannen er tiltalt for.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Stort tal handlingar

I løpet av dei to åra etterforskinga av 51-åringen har gått føre seg, har politiet sjekka ut ei rekke tips og moglege saker mot mannen.

Påtalemakta legg heller ikkje skjul på at dei har lagt vekk saker gjennom denne perioden, fordi sakene er forelda etter straffelova.

– Samla sett meiner vi at han står bak eit stort tal krenkande hendingar. Mannen laga seg eit regime av kontroll og overgrep, sa statsadvokat Knutsen-Berge.

Dei fornærma i saka som blei ført i tingretten er i dag vaksne, men alle har fått alvorlege seinskadar i form av posttraumatisk stress (PTSD) og andre symptom på at dei har blitt usett for overgrep.

I retten blei dette stadfesta av fleire psykologspesialistar.

Overgrepssak i Sogn og Fjordane tingrett

PÅSTOD AT HO LAUG: Tiltalte i saka meinte at kvinna frå Sunnfjord sjølv hadde deler av skulda for at det blei seksuell kontakt mellom dei då ho var mindreårig.

Foto: Charlotte Rintler

– Inga skulddeling

Hovudvitnet i saka, ei kvinne frå Sunnfjord, blir rekna som delvis ufør på grunn av det mannen skal ha gjort mot ho.

I retten meinte mannen at ho måtte ta delvis skulda for det som skjedde mellom dei, noko som vekte sterke reaksjonar hos kvinna – og hos aktor.

– Det finst inga skulddeling når det er tale om seksuelle overgrep mot barn, sa statsadvokat Kristine Knutsen-Berge i retten fredag.

Bistandsadvokatane til dei fornærma la fredag fram krav om nærare 1,5 millionar kroner i erstatning etter påståtte valdtekter og overgrep.

Det er venta dom i saka om to veker.