Hopp til innhold

Tiltalt for grove overgrep – politiet utelukkar ikkje at det kan vere fleire offer

Politiet meiner han skaffa seg tillit og valdtok svært unge jenter. No møter den tiltalte dei unge kvinnene i retten. Politiet vil ikkje utelukke at det kan vere fleire offer.

St st

AKTIV: Mannen frå Innlandet har vore aktiv i frivillige organisasjonar og lag i heimfylket. Han hadde ein jobb som gjorde at han kunne reise mykje rundt Noreg.

Politiet i Vest og i Innlandet, har saman med Kripos etterforska saka breitt.

Dei har analysert data, dei har gjort mange avhøyr og dei legg ikkje skjul på at dei meiner at det kan vere fleire offer enn dei fem.

– Vi kan ikkje utelukke at det også finst fleire utover dei vi har snakka med, seier etterforskingsleiar Helene Nordhagen Vabø til NRK.

I den nye rettssalen til Sogn og Fjordane tingrett i Førde, vil den tiltalte 51-åringen frå Innlandet sitje og sjå rett mot vitneboksen.

Måndag morgon skal først den hovudfornærma i den store overgrepssaka sitje der og gje si forklaring.

Ifølgje tiltalen var sunnfjordjenta 12 år då mannen frå Innlandet valdtok ho første gongen.

– Hadde ikkje ho kome og meldt dette, så hadde ikkje vi kome i kontakt med dei andre som er fornærma i saka. Utan ho hadde det ikkje vore ei sak per i dag, seier politiadvokat Christine Wisløff.

Helene Vabø, etterforskar.

OMFATTANDE: Helene Nordhagen Vabø i Vest politidistrikt har leia etterforskinga mot 51-åringen frå Innlandet.

Foto: NRK

Omfattande etterforsking

Frå den unge kvinna frå Sunnfjord gjekk til politiet i 2018 og fram til i dag har det vore ei krevjande etterforsking.

I rettssalen vil 51-åringen høyre forklaringa frå fem kvinner, som då var mindreårige. Først når dei er ferdige med å snakke, får han sjølv sleppe til.

– Vi enda til slutt opp med ei tiltaleavgjerd der det er fem ulike fornærma. Ho som var opphavet, møtte han på nettet. Dei andre er unge personar som han har hatt i sin omgangskrins. Anten på grunn av familiære relasjonar eller andre relasjonar knytt til han.

Den tiltalte har i mange år hatt ein jobb som har gjort at han har reist mykje rundt i Noreg. Han har også vore ein høgt respektert mann i ulike miljø i heimbygda i Innlandet.

Nektar straffskuld

No har han vore varetektsfengsla sidan 2018, men nektar for å ha valdtatt fleire mindreårige jenter, seier mannen sin forsvarar, Ivar Hauge.

– Han erkjenner ikkje straffskuld på nokon punkt i tiltalen. Han har opplevd det som belastande. Han har gitt uttrykk for at det har vore tungt å sitje i varetekt så lenge.

Men trass i at mannen nektar straffskuld, er politiet overtydde om at det er ei svært alvorleg sak dei har rulla opp, ikkje minst på grunn av vitnemålet frå Sunnfjord-kvinna.

Ho møtte mannen på nett då ho sjølv var 12 år og i ein vanskeleg livssituasjon.

– Det er jo ei alvorleg sak, der det er ein tiltalt som har blitt sett under tiltale for overgrep mot unge kvinner i sin eigen omgangskrins som han gjerne skulle vere ein tryggleiksperson for.