Hopp til innhold

Ærverdig hotell får nye eigarar igjen

Investoren Ola Moe har selt det gamle trehotellet Hotel Mundal i Fjærland. Moe har fått mykje offentleg støtte til å pusse opp det gamle hotellet.

Hotel Mundal - inngang anno 2017

SELT: Investor Ola Moe har selt Hotel Mundal i Fjærland, fire år etter at han overtok.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var Bergens Tidende som først melde at hotellet er seld igjen.

Det er berre fire år sidan han kjøpte hotella. Moe skal ifølgje avisa også selje Tørvis Hotell i Luster, Nigardsbreen Gjesteheim og delar av Eidsbugarden i Jotunheimen.

Moe seier at det var førespurnad, ein kjøpssum og ein kjøpar av «riktig kvalitet» som gjer at han no sel hotella.

– Den nye eigaren må sjølv gi seg til kjenne før eg stadfestar kven som tek over. Men dette har vore ein prosess over ei tid, og eg har ikkje late kven som helst kjøpe. Eg er trygg på at dei nye eigarane kan ta ansvaret det er å utvikle eigedommane vidare, seier han.

Store delar av Eidsbugarden skal Moe behalde og vidareutvikle.

– Prosjektet skulle helst vore avslutta tidlegare, men vi var avhengig av å rydde alle problem av vegen for å kunne realisere. No ligg det til rette for byggjestart og salsarbeid i 2019, seier Moe til BT.