Hopp til innhold

ADHD-barn skal skyte for å få betre konsentrasjon

FØRDE (NRK): Barn med ADHD og andre former for konsentrasjonsvanskar skal no få hjelp mot plagene ved å skyte på blink.

Skyttar med ADHD

KONSENTRERT: – Elevane får kjappe tilbakemeldingar, til dømes at dei må slappe meir av i handa når dei skyt. Dette kan vi overføre til klasserommet, seier Mona Isene.

Foto: Mona Isene

Mona Isene er lærar og tidlegare skyttarprinsesse frå Førde. No vil Gjensidigestiftinga støtte eit forskingsarbeid på prosjektet hennar «Skyting for meistring».

– Meistring aukar motivasjonen. Vi vil gi ungane opplevingar av meistring på andre arenaer enn skulen, seier Isene.

For eitt og eit halvt år sidan fekk ho støtte av Gjensidigestiftinga til å leige inn forskarar frå lærarutdanninga på NTNU. Dei forskar på kva effekt skytetreninga har, og samarbeider med eit tilsvarande prosjekt i Danmark som heiter Fokus.

Dersom dei finn same resultat som i Danmark, vil verknaden av prosjektet få større validitet. Resultatet skal vere klart rundt februar 2018.

Mona Isene

KOMBINERER SKYTING OG LÆRING: – Eg har alltid hatt lyst til å kombinere dei to interessene mine, seier Isene.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ungane ho jobbar med treng ikkje nødvendigvis ha ADHD, men liknande vanskar med å konsentrere seg, som av ulike grunnar gjer det vanskeleg å henge med på skulen.

– Det desse elevane har til felles er at dei strevar med å halde fokuset og konsentrasjonen. Dei kan slite med å komme i gang med oppgåver, og dei kan slite med å bli ferdige, seier ho.

I tillegg opplever dei gang på gang at oppgåvene dei gjer ikkje blir gode nok.

Brukar i klasserommet det dei lærer på skytebana

– I skyting treng ein å lære teknikkar for å lære å slappe av og halde fokus. Desse teknikkane vil eg minne dei på i klasserommet. Kva det var som fungerte då dei unngjekk å gire seg opp og bli stressa på skytebana, seier ho.

Ho ser også at det er bra for elevane at det er klart og tydeleg kva ein skal gjere på skytebana.

Elevar med konsentrasjonsvanskar på skytetrening

TRENING: – Elevane lærer å vere opptekne av det dei sjølv driv med, og ikkje det alle andre driv med, seier Isene om skytetreningane.

Foto: Mona Isene

– Du får sjå resultatet med ein gong, på ein skjerm. Du treng ikkje å vente i ei veke på at læraren skal rette oppgåvene, slik som på skulen.

Med kjappe tilbakemeldingar kan dei raskt prøve igjen, og sjå at dei blir flinkare fort.

Har vore rådvill

Isene opplever at det finst få tiltak for å elevane som får lite utbytte av å vere på skulen. Som lærar er det ofte vanskeleg for henne å vite kva ho skal gjere for å hjelpe dei.

– Ein blir litt rådvill når ein prøver å hjelpe elevar som seier at dei ikkje vil, eller at det ikkje hjelper likevel, seier ho.

Slik kom ho på idéen om skyting, som ho er lidenskapeleg opptatt av.

– Eg har sett på skytebana at mange skyttarar har vore urolege før. Dei finn roa med skytinga.

Ho ser gode resultat av prosjektet sitt.

– Både elevar, foreldre og andre lærarar er kjempepositive så langt.