Hopp til innhold

Å slå saman fylka har kosta ein halv milliard – no vil dei raudgrøne løyse dei opp att

Det har kosta samfunnet nærare ein halv milliard kroner å gjere 19 fylke til 11, men no vil opposisjonen reversere fleire samanslåingar. Høgre meiner det er betre å berre leggje ned alt.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating 27.oktober 2017

DYRT: Det har kosta pengar å slå saman 19 fylke til 11. Dette er frå samlinga av Sogn og Fjordane og Hordaland fylkesting i 2017.

Foto: Hordaland fylkeskommune

– Det har ikkje noko å seie kva det kostar. Finnmark skal bli eit sjølvstendig fylke att dersom det blir regjeringsskifte, seier leiar i Finnmark Senterparti, Geir Adelsten Iversen.

Og han får støtte frå stadig fleire opposisjonspolitikarar på Stortinget.

Både Senterpartiet, Arbeidarpartiet, SV og Raudt er no klare på at Troms og Finnmark og Viken fylke skal bli oppløyst, og at vi i staden skal gå tilbake til Troms, Finnmark, Akershus, Buskerud og Østfold.

I tillegg ønskjer Senterpartiet ei folkerøysting i Sogn og Fjordane, for å finne ut om folket vil ha tilbake sitt gamle fylke.

– Dersom Senterpartiet får makta etter neste val, er det naturleg å snu dei vedtaka, seier stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Senterparti Liv Signe Navarsete.

Samanslåinga har kosta ein halv milliard

Dei nye storfylka stod klare i januar i år, og NRK har forsøkt å finne kva det har kosta å slå saman dei 19 gamle fylka, til dagens 11.

Vi har fått innsyn i kostnadane ved samanslåing hos alle dei nye storfylka.

Alt frå fylkesordførarkjede og nye logoar, til oppgradering av IT-systema og opplæring av dei tilsette dukkar opp i oversikten.

Den dyraste samanslåinga er Viken, som har kosta kring 170 millionar korner.

I Vestland har utforminga av det nye fylkesvåpenet åleine kosta 612.000 kroner, medan nytt IT-system har kosta 42 millionar kroner.

Nærare ein halv milliard kroner, viser reknestykket til saman i landet.

Kommunalpolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Stein Erik Lauvås seier at han ikkje er overraska over summen.

– Regionreforma er eit politisk makkverk. Det er klart det kostar pengar å slå saman fylka, men det kan ikkje stoppe oss frå å gjere om på det dårlege arbeidet til regjeringa.

Så de vil løyse opp fylka, uansett kva det kostar?

– Ja, det er nesten slik. Totalsummen for dette kan bli stor, men skulda for det må regjeringa ta.

Stortingsrepresentant Stein Erik Lauvås

MAKKVERK: Kommunalpolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Stein Erik Lauvås tykkjer regionreforma er eit politisk makkverk.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

LES OGSÅ: Vestfold og Telemark fylkeskommune seier dei gav feil tal då NRK spurte om kor mange fleire tilsette det har blitt etter samanslåinga.

Høgre: – Meir aktuelt å leggje ned fylka

Ove Trellevik, kommunalpolitisk talsperson i Høgre, meiner at kostnadane ved å løyse opp storfylka, kjem til å bli så høge at det er lurare å berre leggje ned fylka dersom ein er misfornøgd med dei nye storfylka.

– Å bruke ein halv milliard på å slå i hop fylke, for deretter å bruke like mykje på å løyse dei opp, trur ikkje eg er noko lurt. Då er det nok meir aktuelt å leggje ned fylka, og klare seg med to forvaltningsnivå.

Høgre har lenge meint at det ikkje er naudsynt med fylke i det heile, men Trellevik seier at røynslene frå å styre regionreforma i regjering, gjer at ei nedlegging av fylka som forvaltningsnivå har blitt endå meir aktuelt.

– Eg trur dette blir ei stor sak på Høgre sitt landsmøte neste år, seier Trellevik.