Hopp til innhold

Hadde 41 passasjerar om bord då alt av system gjekk i svart

Med 41 passasjerar og eit mannskap på seks om bord slutta alt utstyr om bord på turistfartøyet «Vision of The Fjords» å virke søndag. No ligg fartøyet til kai i Flåm medan ein jaktar etter feilen.

"Vision of the fjords" er endeleg i rutetrafikk.

TIL KAI: 'Vision of The Fjords' ligg til kai i Flåm medan ein leitar febrilsk etter feilen som fekk heile katamaranen til å gå i svart søndag.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Dei hadde ein såkalla «blackout». Det betyr at alt vart svart, straumen forsvann og alt slutta å virke, seier dagleg leiar i The Fjords, Rolf Sandvik, om hendinga som skjedde like etter klokka 08.30 på dagens første tur.

– For passasjerane kan dette ha verka dramatisk, det har vi forståing for. Men farten var ekstremt liten. Fartøyet gjekk i åtte knop då dette skjedde, seier Sandvik.

Meiner fartøyet ikkje kunne grunnstøytt

Han avviser at hendinga kunne ført til grunnstøyting eller at fartøyet køyrde på land.

– Det vart synt godt sjømannskap og dei sette i gang prosedyrane for å få situasjonen under kontroll. Dei starta så opp att og gjekk til Flåm etter at dei hadde fått korrigert på eine sida, seier Sandvik.

«Vision of The Fjords» er verdas første hybridskip i karbon. Oppstarten for båtruta på Nærøyfjorden har vore kronglete. Etter planen skulle fartøyet i rute 1. juni, men fristen vart utsett tre gonger før fartøyet omsider var i rute i midten av juli.

Sandvik seier passasjerane tok hendinga med fatning.

– Dei vart informerte av mannskapet om bord. Vi har ikkje fått rapportar om at passasjerane opplevde situasjonen som utrygg, seier Sandvik.

"Vision of the fjords" seglar endeleg i rute på Nærøyfjorden.

Karakteriserer det som ei nesten-ulykke

Kjell Arne Jensen er dagleg leiar i Maritime Management, selskapet som har driftsansvaret for fartøyet, stadfestar hendinga.

– Ved Styvi hadde dei ei hending som vi vil karakterisere som ei nesten-ulykke. Hendinga var av ein slik karakter at vi valde å gå til Flåm og leggje båten til ro der, seier Jensen.

Han seier dei ikkje har opplevd nokon liknande hending på dei tre vekene båten har vore i drift.

– Det har vore ein del feil, men det har vore snakk om mindre alvorlege hendingar. Det som skjedde i dag var ein serie feil som opptredde samtidig, seier Jensen.

Kostar store summar

No vert det sett inn store ressursar på å finne feilen.

– Det kjem folk frå både Brødrene Aa og fleire underleverandørar som har levert styringssystem til fartøyet. Sjøfartsdirektoratet kjem også til Flåm for å sjå gjennom det som har vore gjort, og det som vert gjort som korrigerande tiltak, seier Sandvik.

Søndag vart fem turar kansellerte og måndag vert seks turar kansellerte. Kor mykje kvar dag med kanselleringar kostar selskapet, vil han ikkje seie. Men at det er monalege summar, legg han ikkje skjul på.

– Vi prøver å flytte dei som har booka tur over på andre fartøy, både eigne og andre sine. Kostnadane er store, seier Sandvik, som tykkjer situasjonen er lei.