NRK Meny
Normal

Må utsette oppstarten nok ein gong

Dette blir tredje gong «The Fjords» har måtte skyve oppstartsdatoen fram. «Visions of The Fjords» er den første av sitt slag og difor tek det tid, seier reiarlaget.

Visions of the Fjord på testtur på Hyenfjorden

GOD PLASS: Den særeigne båten kan ta med seg 450 passasjerar som kan nyte utsikta.

Foto: Vendel Hausken / The Fjords

– Men etter planen kjem båten til Flåm fredag kveld. Det som står att er å få ei endeleg godkjenning av Sjøfartsdirektoratet, seier Rolf Sandvik, dagleg leiar i The Fjords.

Onsdag skreiv NRK at «Visions of The Fjords» enedeleg skulle i rute, , men alt var likevel ikkje klart.

– Det har teke lenger tid enn vi hadde rekna med å få den sertifisert. Vi kan ikkje starte drifta før papira er i orden. Dette er ein båt som skal vere på fjorden i 10–20 år framover, så då kan vi vente ein dag til, seier Sandvik som gler seg til å få båten i rute mellom Flåm og Gudvangen.

Båten er den første av sitt slag og skal gje turistane god utsikt over fjordlandskapet. Den 40 meter lange og 15 meter breie båten har vekt merksemd langt utanfor landegrensene.

Etter planen skulle den i rute 1. juni, men to gonger har fristen blitt skuva fram. Det har gått over eitt år sidan reiarlaget bestilte den unike båten hos Brødrene Aa, i går sa Sandvik til NRK at dei nok var litt vel optimistiske då dei sette fristen til 1. juni.

Sandvik anar eit håp om at den kan få sin første tur i rute i løpet av helga.

– Sveletakka og papira må på plass, så er vi forhåpentlegvis klare til oppstart om ikkje lenge. Det er i alle fall like før, seier han.

  • Les også:
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.