Hopp til innhold

"Vegetarboom" blant unge kan skape utfordringar i påska

Ein av tre unge et mindre kjøtt for å bidra i klimakampen. Det kan skape konflikt i høgtider.

Familien et ved påskebordet.

PÅSKEMIDDAG: Familien til Anita Haglund prøver enten å lage vegetarmiddag eller eit vegetaralternativ.

Foto: TOBIAS BRATVOLD LUCEY / PORTEN.NO

– I starten var det litt amper stemning, seier Anita Haglund.

Ho har vore vegetarianar i nesten seks år. Studenten frå Årdal er ei av stadig fleire som vel bort påskelammet.

Interessa for å ete vegetarmat har auka dei siste åra.

Over halvparten av nordmenn er opne for å ete meir vegetarisk mat, viser ei fersk undersøking frå Ipsos på vegner av Orkla.

Dei unge er mest ivrige på å prøve vegetarmat. 41 prosent av dei mellom 18 og 29 år svarte at dei et mindre kjøtt i ei undersøking frå 2020. Til samanlikning svarte 23 prosent av heile befolkninga det same.

For familiar som får vegetarstudentar heim i påska, kan difor tradisjonsmat by på utfordringar.

Kjensler knytt til mat

– Mange opplever at kan vere vanskeleg å vere vegetarianar i påska, seier matbloggar og kokebokforfattar Mari Hult.

Det er mykje kjensler og tradisjonar knytt til mat. Matbloggaren anbefaler difor at partane snakkar saman på førehand.

Anita og Kristine dekkar bord

SØSTRER: Storesøster Kristine forklarar korleis dei skal dekke bordet.

Foto: Tobias Bratvold Lucey / Porten.no

For å gjere det enkelt, kan familien bli einige om tilbehøyr til middagen som alle kan ete.

Då kan du til dømes droppe fløyte i potetstappa dersom nokon rundt bordet er veganar.

I tillegg kan du finne eit alternativ til kjøttet eller fisken som liknar i smak og i tyngde.

Påskekrydra nøttesteik

– Veldig ofte landar eg på å anbefale nøttesteik. Det er ein mettande og veldig smaksrik rett, som passar med det typiske tilbehøyret til lam og pinnekjøtt, seier Hult.

Du kan også krydre nøttesteika med typiske påskesmakar som kvitlauk og rosmarin.

Nøttesteika kan bli laga på førehand, og ho er lett å ta med seg på hytta.

Færre søk

– Tradisjon står sterkt hos mange når det kjem til etevanar rundt høgtider, seier Ann-Christin Bru. rådgjevar og ansvarleg for søk i MatPrat.no.

Ifølge ho er det færre søk på Google på vegetarmat rundt høgtider som jul og påske.

Då et mange dei tradisjonelle kjøttrettane, og færre ønsker å teste vegetaralternativ.

Ikkje eit problem

For familien til Anita Haglund tok det litt tid å venne seg til at dottera blei vegetarianar.

– Vi var litt skeptiske i starten og usikre på om ho fekk i seg nok næring, seier mamma Merete Kristin Knudsen.

Anita lagar mat

VEGETARIANAR: Musikkvitskapstudent Anita har vore både veganar og vegetarianar.

Foto: Tobias Bratvold Lucey / Porten.no

Etter at foreldra til Anita skjønte at ho hadde sett seg inn i vegetardietten, har dei ingen problem med matpreferansane til dottera.

Til påske står pinnekjøtt på menyen. Då tilpassar dei tilbehøyret og lagar saus og kålrabistappe utan kjøttkraft.

– Før kjøpte eg berre sånn tullekjøtt, som eg kallar det, som funka til det tilbehøyret, fortel Haglund.

I år skal ho derimot lage ei ordentleg nøttesteik, slik som ho pleier å lage til jul.