Hopp til innhold

Hans Gunnar fortvilar etter å ha fått korona i 2020: – Vil eg aldri bli frisk?

Hans Gunnar er enno ikkje frisk etter at han fekk korona for to år sidan. Eit nytt «ekspresstilbod» på tre dagar gjev håp til han og andre som slit.

Hans Gunnar Hagen

LONG COVID: Hans Gunnar Hagen slit med etterverknadene etter covid-19.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Tonane strøymer ut frå Grieg-akademiet midt i Bergen sentrum. Bratsjist Hans Gunnar Hagen har endeleg undervisning igjen.

I november 2020 var han døden nær etter å ha blitt smitta med korona. Men han hadde inga aning om at då han forlét intensivavdelinga på Haukeland var det byrjinga på ein ny lang kamp.

Først no er han tilbake. For halv maskin. Igjen er han med på konsertar med Bergen Filharmoniske Orkester.

– Eg blir så fort trøtt. Eg slit med pusten og med hukommelsen. Men det verste for meg var det mentale. Blir eg i det heile frisk? Kvifor tek det så lang tid?

Han prøvde det meste. Gjennombrotet kom under tre intense dagar i Hardanger.

Sjukepleiar Mina Emilie Tømte Olsen ved sengen til hans Gunnar Hagen

INTENSIV: NRK møtte Hans Gunnar Hagen på intensivavdelinga på Haukeland saman med sjukepleiar Mina Emilie Tømte Olsen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Høge kneløft i Øystese

– Så opp på tå!

Fysioterapeut Kiri Lovise Njøten har med seg ti kvinner på trening ved fjorden. Dei er mellom 30 og 70 år gamle og har det til felles at dei slit med etterverknadene av å ha vore sjuke med korona.

– Vi kan så langt vise til gode resultat og vi har lange ventelister, seier Bente Frisk. Ho er leiar for det som er eit pilotprosjekt i behandlinga av post-covid.

I tre intense dagar får deltakarane tilgang på psykiater, psykolog, klinisk ernæringsfysiolog, fysioterapeut og andre spesialistar.

Les også Hans Gunnar lå våken og pustet gjennom intensivoppholdet på Haukeland

Sjukepleiar Mina Emilie Tømte Olsen ved sengen til hans Gunnar Hagen

Var tenkt for kols-pasientar

Allereie i mars 2021 var behandlingsopplegget i drift. Det var tenkt som eit tilbod til menneske med kols.

Men plutseleg var det umogeleg å samle så sjuke menneske i grupper.

Behandlarane meiner metoden kan brukast på fleire sjukdomstypar. «Prosjekt utvikling av smarte helseløysingar» vert leia av Helse Bergen.

Etter tre intensive behandlingsdagar får pasientane jamleg oppfølging og vert testa fysisk.

Bente Frisk seier dei har følgt opp pasientane så lenge at dei kan slå fast at metoden fungerer.

Sjølv om det framleis er mykje dei ikkje veit.

Siri Sandven Oma, fysioterapeaut, Ane Kjosås, klinisk ernæringsfysiolog, Bente Frisk, prosjektleiar, førsteamanuensis og spesialist i hjarte- og lungefysioterapi, Sidsel Rykken, farmasøyt, Marte Jürgensen, overlege og gruppeleiar, Gerd Kvale, professor og psykologspesialist, Kiri Lovise Njøten, fysioterapeaut og ph.d. stipendiat.

Siri Sandven Oma, fysioterapeut, Ane Kjosås, klinisk ernæringsfysiolog, Bente Frisk, prosjektleiar, førsteamanuensis og spesialist i hjarte- og lungefysioterapi, Sidsel Rykken, farmasøyt, Marte Jürgensen, overlege og gruppeleiar, Gerd Kvale, professor og psykologspesialist, Kiri Lovise Njøten, fysioterapeut og ph.d. stipendiat.

Foto: Oddgeir Øystese

Nesten halvparten opplever langvarige plager

På influensasenteret på Haukeland universitetssjukehus i Bergen forskar dei på kva som skjer med dei som har hatt covid-19.

Deira tal viser at kring 55 prosent av alle som har hatt viruset opplever symptom seks månader etter sjukdomen.

– Mange vert gradvis friskare, men vi veit ikkje langtidseffektane. Dette er eit potensielt folkehelseproblem, seier professor og forskar Nina Langeland.

Les også Forsker frykter bølge av «long covid»: – Man vet ikke hvor mye vaksinen beskytter

Lege og forsker Arne Søraas ved Avdeling for mikrobiologi i Oslo universitetssykehus.

Det mest vanlege er å bli fort sliten eller å ha redusert smak og luktesans. Mange har og problem med minne og konsentrasjon.

– Vi trur kroppen er kvitt viruset, men slit med skadane det har forårsaka. Det er større risiko for langvarige plagar om du var veldig sjuk i byrjinga.

Trening er ein del av behandlingsopplegget til Helse Hardanger.

Mange slit med fysikken etter å ha hatt covid-19.

Foto: Oddgeir Øystese

Heilskap og fellesskap

– Plagene kan vere samansette og variere frå person til person. Då er me avhengige av eit tverrfagleg team som kan sette saman eit opplegg som passar til kvar enkelt, seier Marte Jürgensen, som er overlege i psykiatri.

– Det kanskje viktigaste er å hjelpe dei til å gjere gode val.

Pasientane slepp å vente på tilvising til dei ulike ekspertane. Dei er tilgjengelege til samtalar i tre dagar, både ein til ein og i gruppesesjonar.

Hans Gunnar Hagen underviser Julia Palmer på Grieg-akademiet i Bergen

Hans Gunnar Hagen underviser Julia Palmer på Grieg-akademiet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Heiagjeng!

– Det var viktig å ha nokon å heie på, og nokon som var der for å heie på deg. Eg forstod at det eg opplevde ikkje var unikt, seier Hans Gunnar Hagen.

Det er ingen automatikk i at dei som er hardast råka av sjølve koronasjukdomen har størst plager etterpå.

Under opphaldet i Øystese vart Hans Gunnar sjekka grundig. Det gav han tryggleik for at det faktisk går rette vegen.

– Dette var gull verdt for og har gjort kvardagen min mykje lettare. Alle burde få eit liknande tilbod.