Som del av fylkesutvalet kjenner han framleis ikkje dei økonomiske detaljane rundt avtalen mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og Per Sævik sitt selskap Havila.
Uansett er Høl nøgd med utfallet.
– Per Sævik har gjennom sitt selskap vore eigar i tunge tider og no inn i dei gode tidene. Som dei tillitsvalde i Fjord1 trur eg det er viktig at vi får inn ein eigar som er kjent med selskapet.
Fordelinga er snudd
Salet av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1 har skapt enormt med debatt i fjordfylket. I november i fjor gjekk politikarane med knapt fleirtal inn for å selje aksjane til Torghatten, men i juli sette Konkurransetilsynet foten ned.
I går vart det kjent at fylkeskommunen har selt delar av aksjeposten sin til Havila.
Før avtalen i går eigde Sogn og Fjordane fylkeskommune 59 prosent, medan Havila eigde dei resterande 41. No er dette snudd, Havila er blitt majoritetseigar med 67 prosent av aksjane, og Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 33 prosent.
- Les også:
- Les også:
Trur arbeidsplassane er trygge
I Sogn og Fjordane er mange glade for at saka går mot ein ende. Hovudtillitsvald for dei tilsette i Fjord1 i Florø, Daniel Nedrelid, meiner dette er til det beste for selskapet.
– Trur du arbeidsplassane i Florø blir tryggare med Havila som eigar, enn dei hadde vore med Torghatten?
– Ja, eg er overtydd om at hadde Torghatten kome inn som eigar så hadde arbeidsplassane i Florø vore vekke i løpet av eit par år, seier Nedrelid.
Unngår rettssak
I slutten av månaden skulle Per Sævik og Sogn og Fjordane fylkeskommune etter planen ha møttest i retten. Sævik meiner Havilafjord hadde forkjøpsrett då fylkeskommunen selde til Torghatten og ville gå rettens veg for å avklare dette. Om avtalen mellom selskapa blir godkjent, blir saka trekt.
- Les også:
Høl har vore ein krass kritikar av salsprosessen. Med salet til Havila meiner han fylkespolitikarane igjen er tilbake på sporet.
– Når ting vart som det vart, og vi sit med ei rettssak om forkjøpsretten, så var det viktig å få ei avklaring. Ikkje minst for selskapet si skuld.
Høl vedgår at rettssaka har vore medverkande til den retninga saka no har teke.
– Med ei slik rettssak ville ein kanskje kaste selskapet ut i ein langvarig prosess, samtidig som Fjord1 skulle ha operert på den tøffe marknaden. No får vi ei løysing med ein eigar som frå før hadde 41 prosent, så eg trur vi får den stabiliteten som vi sjølve har ønskt for selskapet.