Fylkesordføraren meiner brannen i Gudvangatunnelen tysdag syner kor utsette vegane på Vestlandet er, og kor store konsekvensar stenging av tunnelar får for regionen.
Nilsen har sett seg lei av å vente på at regjeringa skal velje trase for E16, hovudvegen mellom Bergen og Oslo.
– Sett i lys av ulukka me nettopp hadde i Gudvangatunnelen, synleggjer dette kor sårbart vegnettet er for ras, brot i ferjeruter, ulukker og brannar i tunnelar. Det gjer at me må vere enno meir på hogget for å få retta opp i problema, og få starta utbygginga av E16 til Voss så snart som mogleg, seier Nilsen.
LES OGSÅ:
– Uheldig at det tek så lang tid
Fylkeskommunen, fleire kommunar, representantar for næringslivet, Statens vegvesen og Jernbaneverket har alle gitt si støtte til K5-alternativet, som inneber åtte nye felles tunnelar for jernbane og veg (sjå faktaboks).
I brevet til samferdsleministeren ber fylkesordføraren om svar på når eit val av trasé er klart, og kva departementet vil gjere for å få ei effektiv og rask planlegging av prosjektet.
– Det er uheldig at val av trasé tek så lang tid. Eg forstår at det er ei komplisert problemstilling, men når anbefalingane er så klare frå lokalt og regionalt hald, og også frå Statens vegvesen, tykkjer eg det er på tide at det vert tatt ei avgjersle, seier Nilsen.
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) har ikkje vore tilgjengeleg for ein kommentar i dag.
LES OGSÅ: