Hopp til innhold

Fire personar alvorleg skadde etter brannen

Fire personar er alvorleg skadde etter brannen, og totalt vart 37 personar evakuerte. Tunnelen blir stengd i minst seks veker, ifølgje Statens vegvesen.

Tunnelbrann Gudvangatunnelen

UTBRENT: Bussen som tok fyr inne i tunnelen er heilt utbrent. Fem personar er sendt til Voss sjukehus etter brannen.

Foto: Voss brannvesen

Tysdag kveld melder Helse Førde at fire av pasientane er alvorleg skadde. Dei skadde er ei kvinne på 60 år og tre menn på 31, 39 og 56 år.

Voss sjukehus har teke imot alle fem som vart sende til sjukehus, opplyser Helse Bergen og Helse Førde. Klokka 18.05 melde Helse Bergen at ein person var utskriven.

– Vi har også kontakt med Haukeland, så dersom det er hardt skadde pasientar som treng meir enn det vi kan tilby, så blir desse sendt til Haukeland, seier direktør ved Voss sjukehus, Rolf Abrahamsen, like før klokka 16.00.

Svensk buss

Tysdag ettermiddag tok ein buss fyr i Gudvangatunnelen. Ifølgje den svenske avisa Expressen skal bussen som har teke fyr vere svensk. Passasjerane som var med i bussen er asiatiske. Bussen står no heilt utbrend inne i tunnelen.

Klokka 15 var brannvesenet framme med bussen som brann og var i ferd med å få evakuert dei personane som framleis sat i køyretøya sine i tunnelen. Kring klokka 15.30 melder brannvesenet at brannen er sløkt.

Ambulansar Flåm

TIL SJUKEHUS: Fem personar er sendt til Voss sjukehus. Politiet har ikkje fått melding om at fleire skal vere skadde.

Foto: Arne Veum / NRK-tipsar / NRK

37 evakuerte

Totalt vart 37 personar evakuerte frå tunnelen. 32 av desse var kinesiske passasjerar i bussen som tok til å brenne. Det var fem personar som vart evakuerte ut av brannvesenet og helsevesenet, og som ikkje hadde teke seg ut på eiga hand.

Røykdykkarar har finsøkt tunnelen for å forsikre seg om at det ikkje var fleire i tunnelen. I tillegg til den utbrende bussen står ein trailer, ein buss og ein personbil med campingvogn igjen inne i tunnelen.

Passasjerane i bussen som tok fyr vart redda ut frå tunnelen ved hjelp frå eigaren av Gudvangen Fjordhotell. Han tok alle med seg i varebilen sin. Deretter vart dei frakta i båt frå Gudvangen til Flåm der politi og helsevesen tok seg av dei.

– Alle har vore gjennom ein helsesjekk, og det står bra til, seier innsatsleiar for politiet på staden, Jorid Nilsen.

Evakuerte frå Gudvangatunnelen i Flåm (2015)

EVAKUERTE: 32 asiatiske turistar er no frakta til Flåm med båt etter å ha blitt redda ut på andre sida av Gudvangatunnelen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Stengt i fleire dagar

Tunnelen vil bli stengd inntil vidare, men det er usikkert kor lenge.

– Det vi seier er at den vil vere stengd i fleire dagar, og så får vi sjå kva det vil seie, seier kommunikasjonsdirektør i Statens vegvesen region vest, Arne Eithun.

Politiet og Havarikommisjonen skal gjere tekniske undersøkingar. Dette arbeidet vert tidlegast starta onsdag.

– Politiet har starta med avhøyr av involverte og vitne, men innhaldet vil ikkje bli kommentert på noverande tidspunkt, skriv politiet i ei pressemelding like over klokka 18.00.

Totalt var 18 ambulansar, tre luftambulansar, eit loshelikopter, eit brannmannskap på 33 personar og 19 personar frå Røde Kors, involverte i redningsaksjonen. Politiet hadde 29 polititenestemenn frå Sogn og Fjordane og Hordaland i innsats.

Gudvangatunnelen brann 2015

GJER SEG KLARE: Politi og helsevesen gjer seg klare for å ta imot dei 32 evakuerte som kjem med båt frå Gudvangen til Flåm.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK