Hopp til innhold

– Partia prioriterer ikkje folk med innvandrerbakgrunn

Talet på listekandidatar med innvandrarbakgrunn har hatt ei svak auke, men få når toppen av listene. – Partia burde prioritere politikarar med innvandrarbakgrunn, meiner forskar.

Symphorien Pombe og Johannes Bergh

FÅ MED INNVANDRARBAKGRUNN: Totalt har 2444 av listekandidatane i Norge innvandrarbakgrunn. – Overraskande meiner Symphorien Pombe (SV). Til høgre Johannes Bergh, forskar ved Institutt for samfunnsforsking.

Foto: Kyrre Lien /Institutt for samfunnsforskning / SV/NRK

Vallogo

– Eg var veldig overraska og litt skuffa over å høyre at eg er den einaste i heile Hordaland med bakgrunn frå Afrika, seier Symphorien Pombe (SV).

Han er ordførarkandidat for Sund SV i haustens kommuneval, og den einaste med bakgrunn frå eit ikkje vestleg land.

– Det bur mange afrikanarar i Hordaland, og eg er skuffa over at andre parti ikkje prioriterer minoritetar. Minoritetar i Norge har god kompetanse som kan komme til nytte i politikken. Dei har intellektuelt og sosialt kapital, seier Pombe.

LES OGSÅ: Rapport: – Ap har mest å vinne på at flere innvandrere stemmer | – Partiene må gjøre mer for å sikre seg minoritetspolitikere

Innvandrarar når sjeldan toppen av partilistene

Tal frå SSB syner at 4,2 prosent av listekandidatane i Norge har innvandrarbakgrunn. Talet har auka svakt med 0,7 prosentpoeng samanlikna med lokalvalet i 2011.

I Hordaland har 3,2 prosent av listekandidatane innvandrarbakgrunn. Kun fire av desse er fyrstekandidatar. Talet på listekandidatar har her hatt ein auke, men det har ikkje ført til at fleire av dei har nådd toppen av lista til årets kommuneval.

Partia prioriterer ikkje folk med innvandrarbakgrunn på toppen av listene, meiner Johannes Bergh, forskar ved Institutt for samfunnsforsking.

– Partia ønskjer ikkje å prioritere desse politikarane. Dei har mange omsyn å ta når dei skal setje opp lister og då er det ikkje sikkert at politikarar med innvandrarbakgrunn kjem ut på topp, seier Bergh.

LES OGSÅ: Fortsatt lav valgdeltakelse blant innvandrere

– Veljarane vil ha politikarar med innvandrarbakgrunn

Rødt har det høgste talet på listekandidatar med innvandrarbakgrunn med 8,6 prosent. Partiet med den lågaste delen er Sp med 1,3 prosent.

Symphorien Pombe (SV)

Symphorien Pombe (SV)

Foto: SV

Bergh meiner det er på grunn av personstemmer, at fleire med minoritetsbakgrunn kjem inn i kommunestyra enn partia har lagt opp til.

– Veljarane ønskjer politikarar med innvandrarbakgrunn, og då kan ein jo seie at partia også burde prioritere dei same politikarane. Innvandrarbefolkninga i Norge vert stadig større og det er jo viktig at den gruppa i samfunnet også blir representert i norsk politikk.

Ordførarkandidaten for Sund SV, Symphorien Pombe, meiner han har eit stort ansvar for å få fleire til å vere aktive.

– Me må få fleire til å vere med, til å stemme, til å delta aktivt i lokalsamfunnet. Me har eit stort ansvar.

LES OGSÅ: Fortsatt lav valgdeltakelse blant innvandrere