Bergen Høgre tek eit hardt oppgjer med seg sjølv etter tilbakegangen i lokalvalet i haust. Partiet datt frå 35 til 22 prosent på meiningsmålingane. No får narkotika- og korrupsjonssaker noko av skulda.
Torsdag kveld skal konklusjonen frå ein ny evalueringsrapport bli diskutert i partiet, skriv Bergens Tidende.
DÅPSBRÅK: Daverande ordførar Trude Drevland var gudmor da cruiseskipet «Viking Star» blei døypt i ein storstilt seremoni på Bryggen i Bergen 17. mai. Fire månader seinare tok politiet ut sikting for grov korrupsjon mot Drevland, havnedirektør Inge Tangerås og reiar Torstein Hagen.
Foto: Ask, Erik / NTB scanpixLES OGSÅ:
Cruiseskandale
Utfordringar med Bybanen og innføring av eigedomsskatt blir trekt fram som nokre av dei viktigaste årssakene til valsmellen, som enda med ein tilbakegang på 13 prosentpoeng, melder NPK-NTB.
I tillegg blir enkeltpersonar som Trude Drevland nemnt. Den tidlegare ordføraren blei i september sikta for grov korrupsjon i den såkalla cruise-saka, noko som skapte store medieoppslag i lang tid.
AVGANG: Byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen innser at valet er tapt, og innrømmer at ein del uheldige saker har øydelagt for partiet. Her frå valnatta.
LES OGSÅ:
Narkodømde
Også eldre saker, deriblant narkotikadomfellingane mot Erik Skutle og Henning Warloe, blir trekte fram som negative for partiet, skriv BA.
Fleire folkevalde og tillitsvalde har blitt sikta for rådvelde og/eller bruk av narkotiske stoff, eller er blitt siktet for korrupsjon. I andre saker har personar uttalt seg anonymt og negativt i pressen ved fleire høve, heiter det i rapporten, skriv BT.
Bergen Høgre mista ni mandat i bystyret etter valet.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: