Hopp til innhold

– Må ta lærdom av Fjord1-saka

SKEI (NRK): Kontrollutvalet i fylkeskommunen er ikkje nøgd med informasjonen som har vore gitt i Fjord1-saka.

Kontrollutvalet i fylkeskommunen

VIL HA MEIR DOKUMENTASJON: Kontrollutvalet i fylkeskommunen ber om at all vesentleg informasjon i framtida blir protokollført.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Torsdag gjorde utvalet eit vedtak som skal sikre at informasjon om eigarskap i framtida blir dokumentert.

Leiaren i utvalet, Arve Mjømen frå Høgre, meiner det er mykje å lære av den mangelfulle informasjonsflyten i Fjord1-saka.

Arve Mjømen

– MÅ LÆRE AV FJORD1-SAKA: Leiar i utvalet, Arve Mjømen (H).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det viktigaste er at vi tek lærdom av ei slik sak, der nokon påstår at dei ikkje har fått informasjon, og nokon seier dei har gitt informasjon. Her manglar det notat og protokollering som absolutt kunne ha avverga denne situasjonen. Protokolleringa kunne gjerne ha vore unnateke frå offentleggjering.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane i Fjord1, og det er no avtroppande fylkesordførar Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet som har vore fylkeskommunen sin representant i styret i Fjord1.

Den 1. november 2013 var ho med på eit styremøte i selskapet, og den 6. november skal ho ha informert fylkesutvalet om det ho hadde fått vite.

Store sprik

Så gjekk det nesten halvanna år. I mellomtida hadde fylkeskommunen teke til å arbeide med planar om å selje aksjane sine i Fjord1. Men den 26. mars i år vart det kjent at styret i Fjord1 hadde ein intensjonsavtale om å slå seg saman med Norled.

Det vart ikkje noko av samanslåinga, men i etterkant har det vore mykje kritikk mot måten saka er handtert på. Kontrollsjefen i fylkeskommunen, Einar Ulla, har intervjua både Kjelsnes og dei andre medlemmene i fylkesutvalet om kva ho har informert om, men svara spriker slik at det ikkje er lett å bli klok på kva som har føregått.

Per Rune Vereide

NYANSERTE FRAMLEGGET: Per Rune Vereide (Sp).

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ulla si tilråding til kontrollutvalet var at for framtida må innhaldet i all orientering i politiske organ bli referert. Dette syntest fylkesrådmannen vart vel drastisk, og difor fann nestleiaren i utvalet, Per Rune Vereide frå Senterpartiet, grunn til å nyansere litt.

– Vi har kome fylkesrådmannen i møte på det. Det som skal protokollerast for framtida må vere vesentleg informasjon, det meiner eg er viktig.

– Vår soleklare oppgåve

Det var resten av utvalet med på. Leiar Arve Mjømen meiner det er enormt viktig at saker som sal av aksjar eller fusjon mellom Fjord1 og andre selskap blir dokumenterte for ettertida.

– Det er så viktig i eit selskap som representerer så store verdiar. Det er kontrollutvalet si soleklare oppgåve å passe på at folk får mest mogeleg nytte av verdien og ikkje minst får vite mest mogeleg.

Mjømen har ei viss forståing for at det er sprik i forklaringane om kva Åshild Kjelsnes har informert om eller ikkje.

– Det har gått nesten to år sidan det møtet, og då er det ikkje lett å hugse detaljar. Enkelte var tidleg ute med å seie at dei ikkje hadde fått informasjon. Det er vår oppgåve å finne ut kva som er rett. Kontrollutvalet har meint det har vore heilt nødvendig å gjere noko for å få opp truverdet.

– Umogeleg å konkludere

– Greier de å konkludere med at fylkesordføraren ikkje har informert godt nok?

– Det er umogeleg å konkludere i noka retning. Vi må berre fylgje det som kjem frå styret i Fjord1, at det er samanfallande med det fylkesordføraren har sagt som eigarrepresentant. Men ut frå intervjua som er gjort veit vi at det ikkje er råd å få fram detaljar.

Per Rune Vereide har undra seg over kva som har skjedd mellom 1. november 2013 og 26. mars i år i Fjord1-saka.

– Eg synest det er rart at det ikkje har skjedd vesentlege ting i dette selskapet på denne tida som fylkesutvalet skulle ha vore informert om. Det er ikkje kva som helst slags selskap, det er eitt av dei to store selskapa fylkeskommunen har eigarinteresser i.

– Godt framlegg

No reknar Arve Mjømen med at deira framlegg om å dokumentere all eigarskapsinformasjon for framtida blir vedteke av fylkestinget.

– Det får eg no inderleg håpe. Dette er ei klar melding til fylkesutvalet og fylkestinget om at ein kan unngå slike situasjonar for framtida. Det må alle etterstrebe ved å gå inn for dette framlegget frå kontrollutvalet. Framlegget er etter mitt syn veldig godt.