Hopp til innhold

Vil avgjere eigarskapen til Fjord1 i november

Fylkesutvalet har i dag innstilt på at eigarskapssaka om Fjord1 truleg vil bli avgjort på eit ekstra fylkesting 23. november.

MF Selje på veg over Sognefjorden
Foto: Rune Fossum / NRK

Det skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. Intensjonen til fylkesutvalet har til no vore å slutthandsame eigarskapssaka om Fjord1 AS på fylkestinget 13. oktober. No er saka utsett og vil truleg bli avgjort på eit ekstra fylkesting 23. november.

– Vi har behov for betre informasjon og då må vi ta den tida vi treng, seier fylkesordførar Åshild Kjelsnes.

Ho avkreftar at årsaka til utsettinga er at det nye fylkestinget skal få lov til å gjere vedtaket.

– Vi er alle valde inn for å ta vare på interessene på best mogleg måte. Det er eg sikker på at både det gamle og det nye fylkestinget vil gjere, seier ho.

Kjelsnes vil ikkje kommentere om det ligg konkrete bod frå kjøparar på bordet.

– Kvifor har så store deler av denne prosessen vore bak lukka dører og utanfor syne for offentlegheita?

– Det handlar om forretningar. Eit kvart selskap må verne om sine interesser for å ta best mogleg vare på verdiane til eigarane, som i vårt tilfelle til sjuande og sist er innbyggjarane, seier Kjelsnes.