Etter sju timar i møte måndag kveld, sa Fylkesutvalet og Fjord1-styret seg samde i å setje ned ei arbeidsgruppe som skal vurder Fjord1 si framtid.
Styreleiar i Norled, Ingvald Løyning, tykkjer det er ein god ide.
– Så vil eg håpe og tru, for vi har framleis stor tru på at denne fusjonen kan gje mange gode effektar for selskapa, at ein landar på å prøve i den retning, seier Løyning.
– Ser framover
Fjord1 har vore i kraftig vêr etter at intensjonsavtalen om samanslåing med Norled vart kjent for fylkespolitikarane.
Etter måndagens møte var det ei tilsynelatande semje mellom fylkesordførar Åshild Kjelsnes og styreleiar Reidar Sandal i Fjord1.
– Vi ser framover, og vi har eit felles ønskje om å styrkje selskapet på best mogleg måte. Så må vi ha ein god dialog, og då er det ein god måte å gjere det på med å ha ei god arbeidsgruppe, sa Kjelsnes.
Håpar på fusjon
Styreleiarane i dei to selskapa deler håpet om at fusjonen går gjennom. Løyning i Norled seier at det er eigars privilegium å vurdere kva som er best for eigar og for selskap.
– Ut frå alle diskusjonane vore, så er det naturleg å sjå på dei moglegheiter som finst, seier Løyning.
– Er du overraska over all uroa som har kome i kjølvatnet av at intensjonsavtalen vart kjend?
– Det spesielle er at det kjem så mykje ut i offentlegheita fordi det er eit offentleg eigarskap. Hadde det vore to reine privatselskap, så ville også diskusjonane funne stad, men kanskje ikkje kome ut.
Internasjonal konkurranse
Ved å slå saman musklane håpar Norled og Fjord1 å vere betre rusta for internasjonal konkurranse – både i inn- og utland.
Løyning seier at Norled framleis kan leve med uvissa og diskusjonane som går føre seg i og rundt den potensielle samarbeidspartneren i Fjord1.
– For vår del, så har vi allereie handsama dette som at det er ein interessant veg å gå. Vi har ikkje sett opp noko nytt styremøte for å diskutere kva stillinga er no. Vi starta dette med at det er ein interessant fusjon og ser ikkje grunn enno til å endre den oppfatninga.