Hopp til innhold

– Legg på vinterdekk om du skal over fjellet

Frå torsdag kveld er det fare for snø og vanskelege køyreforhold på fjellovergangane i Sør-Noreg. Rådet frå styresmaktene er klart: Legg på vinterdekk.

Fare for snø i fjellet i Sør-Noreg

GULT VARSEL: Det kan komme mykje snø i høgfjellet i Sør-Noreg frå torsdag kveld.

Foto: varsom.no

Store nedbørsmengder, ein kaldfront og restane av orkanen «Dorian» kan føre til trøbbel for bilistar frå torsdag kveld. Enkelte stader i fjellet i Sør-Noreg kan det kome mellom 10 og 20 centimeter nysnø, det fører til glatte vegar.

– Dersom ein skal reise i den perioden som vi har varsla, så vil eg sterkt tilrå vinterdekk, seier statsmeteorolog Frode Hassel til NRK.

Det er sendt ut gult farevarsel for fjellet i Sør-Noreg frå torsdag kveld og førebels fram til laurdag. Særleg kan mykje trafikkerte vegar som riksveg 7 Hardangervidda, riksveg 15 Strynefjellet og riksveg 52 Hemsedalsfjellet bli råka.

– Det er meldt fallande temperaturar fram mot helga med nedbør som sludd eller snø. Det er viktig at bilistane sjekkar vêrmeldinga, brukar rette dekk og køyrer etter forholda, seier Marianne Hove i Statens vegvesen.

Piggdekk

VURDER VINTERDEKK: Pigg eller piggfritt, torsdag kan det bli behov for vinterdekk om du skal over fjellet.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK