Hopp til innhold

Bak orkanrestane står lågtrykka i kø

Den tropiske orkanen «Dorian» har herja frå seg i Amerika, og er på veg mot Noreg. Han får følgje av ei rekkje våte kameratar.

Lågtrykka står i kø bak restane etter orkanen Dorian

VÅTT OG GRÅTT: Dei flotte haustdagane er definitivt over for denne gang. No ventar vått og grått vêr så langt auge kan sjå. Og det byrjar med ein kraftig redusert versjon av «Dorian».

Foto: Skjermdump / met.no

– Det ser ut som vi går inn i våte og grå dagar, seier statsmeteorolog Magnus Ovhed.

Det startar natt til onsdag når ein redusert versjon av «Dorian», den kraftigaste orkanen som i moderne tid har treft nordvestlege Bahamas, vandrar nordover i Norskehavet.

– Den får i gang vestavinden og sender lågtrykk og vind inn mot vestlandskysten. Deretter kjem det lågtrykk på lågtrykk, seier Ovhed.

Blir våtare torsdag

Orkanen Dorians herjinger

STORE SKADER: Ifølgje BBC har kring 70.000 menneske behov for mat og tak over hovudet etter at «Dorian» trefte delar av øygruppa Bahamas.

Foto: Lars Os / NRK

Orkanrestane held langt frå same styrke som då den trefte delar av Bahamas, austkysten av USA og Canada. Ifølgje NTB har over 40 personar mista livet på Abaco-øyane. Dødstalet er venta å stige.

«Dorian» vart nedgradert til storm på veg frå øygruppa i Det karibiske hav. I austlege delar av Canada gjorde den likevel alvorleg skade. No er den ytterlegare redusert.

Frode Hassel

RESTAR: – Det er ikkje så mykje att av dette, seier statsmeteorolog Frode Hassel om restane etter orkanen «Dorian» som er på veg mot Vestlandskysten.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

– Det er absolutt ein redusert versjon som kjem, seier statsmeteorolog Frode Hassel.

Det er ingen grunn til å frykte restane av denne, eller restane etter den tropiske stormen «Gabrielle», som fredag plasserer seg i sørlege Nordsjøen.

Sistnemnde blir knapt merkbar.

– Ein tropisk orkan vil trenge 27 varmegrader for å vekse eller halde styrken. Det finn dei definitivt ikkje her. Dette blir meir som eit vanleg haustlågtrykk, legg Ovhed til.

Vind og regn frå vest

Orkanrestane kjem inn frå vest med regn og kuling. Frå natt til onsdag snakkar vi sønnavind, opp i stiv til sterk kuling på kysten. Onsdag ettermiddag snur vinden på sørvest, og det er venta opp i sterk kuling rundt Stad.

Utover veka blir det vått og grått, og det meste vil bøtte ned over Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg.

Austlandet, som får ein våt tysdag, vil utover veka ligge i le bak fjella og får stort sett tørt vêr.

– Regn og vind vil prege dei neste dagane. Det kan komme 20–40 millimeter på eit døgn, men i løpet av helga kan det komme kraftigare lågtrykk, seier Ovhed.

Også dette lågtrykket vil ligge rimeleg langt frå Vestlandet, men det er likevel her ein vil merke både vind og nedbør mest.

Laster Twitter-innhold