– Tida hans kjem. Om det blir søndag eller seinare, får vi sjå. Men han nærmar seg med stormskritt, seier trenar Eirik Bakke.
- Les også:
Er aktuell for å starte sin første kamp
Peter Aase vart i sommar henta frå Florø til Sogndal for andre gong. Mange har venta på at midtbanespelaren skal få vist seg fram i førstedivisjon, og først i bortekampen mot Bærum sist helg fekk 20-åringen spele dei siste 20 minutta.
– Det er mange i Florø som stiller spørsmål ved kvifor han ikkje har fått spele meir. Og eg synest ikkje det er kjekt om han berre vart henta for å spele på andrelaget – men vi får vente og gjere opp status når sesongen er ferdig, seier Florø-trenar Terje Rognsø.
Sogndal-trenar Bakke er klar over at folk er utolmodige.
– Peter er ein spelar vi kjem til å få høyre mykje om i framtida. No er han ein del av troppen til helga, og han er aktuell for å starte på søndag – men både han og alle andre får vente og sjå.
- Les også:
Har fått fleire spelarar tilbake til kampen
Sogndal gjorde unna si vanlege føremiddagsøkt på fredag. Der vart det klart at Lars Christian Kjemhus må vente eit par veker til før han er tilbake etter overtrakket.
Petter Strand blir ute med strekkskade i tre-fire veker til. Men etter alt å dømme er Victor Grodås klar for kamp – og Babacar Sarr er tilbake frå suspensjon.
– Strand og Kjemhus har spelt mykje i år. Kva effekt har skadane deira?
– Det er dei som har spelt mest på kantane. Men no er Grodås og Sarr er tilbake, og eg har litt å velje i. Så det blir vanskeleg å ta ut eit lag, men det er godt å ha det slik.
- Les også:
Går for ny trepoengar i tetstriden
Søndag kjem nedrykkstruga Follo på besøk på Fosshaugane. Sogndal er på si side suverene serieleiarar. Heimelaget går for nye tre poeng.
– Follo er eit lag som på sitt beste er blant dei betre i divisjonen. Dei er gode ballspelarar. Så er vi ikkje opp mot vårt beste, kan vi få køyrt oss. Men eg er lite oppteken av det – vi må berre gjere det vi kan sjølv. Då skal alle ha problem med oss, seier Eirik Bakke.
– På heimebane skal vi styre kampane, men vi har framleis ein del å gå på, seier trenaren.
- Les også:
- Les også: