Hopp til innhold

Spår lysande framtid for Peter Aase

16 år gamle Peter Aase fekk ein halv omgang for Sogndal i treningskampen mot Hødd. No håpar både trenarar og spelarar i Sogndal at han kjem tilbake frå Florø så fort som mogleg.

Peter Aase viste seg fram i treningskampen mot Hødd
Foto: Rune Sjøberg

– Vi håpar han kjem tilbake til oss så fort som råd. Det er viktig for att han har ein god treningskvardag. Han er ein enormt dyktig spelar, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson som skryt av både Peter og broren Stefan.

– At dei kjem til å bli gode eliteseriespelarar, og kanskje internasjonale spelarar, er vel ikkje noko å tvila på. Det ser vi alt no. Det er meir eit spørsmål om kor fort det går, seier Olsson.

Tryggja leiinga


Peter Aase rakk ikkje mykje meir enn å vere med å trygge 2-0-leiinga over Hødd i treningskampen i Sognahallen fredag kveld. Likevel viste han med alt han gjorde at det bur noko stort i han. Alle bevegelsar og all ballkontakt er konstruktiv.

Og med ein eksplosiv blanding av tempo, lågt tyngdepunkt, teknikk og kondisjon ligg potensialet tjukt utanpå midtbanespelaren frå Florø.

– Utanom det vanlege

– Han er ein fantastisk spelar med stort potensial, men han er framleis berre 16 år så me må ta godt vare på han og bror hans.

Dei er noko utanom det vanlege, seier Sogndal-kaptein Eirik Bakke som får eit breitt glis om munnen når Aase-brørne blir nemnt.

Ville heim til Florø

Etter å ha flytta til Sogndal saman med tvillingbroren Stefan i fjor haust, valde Peter likevel å flytte tilbake til Florø etter kort tid fordi heimlengta vart for stor. Stefan har halde fram i Sogndal, og snart får han på nytt selskap av broren.

– Det blir maks til sommaren så flytter eg tilbake att. Det kan bli tidlegare, men det er ikkje bestemt enno, seier Peter Aase.

Er lysta til å prøve å etablere seg i Sogndal komen tilbake?

– Det er akkurat det. Når eg får vite at eg "kan" dette nivået så gjer det at eg vil meir. No skal eg vere med til La Manga, så får vi sjå korleis det går.

Medan Stefan Aase blir halden utanfor av ein skade i armen, hadde tvillingbroren små problem med å finne seg til rette blant langt meir erfarne medspelarar i treningskampen mot Hødd. Etterpå innrømte han likevel at han var nervøs før han skulle innpå.

– Eirik støttar meg


– Det gjekk ganske bra. Eg var litt nervøs i starten då eg kom inn fordi eg var redd for at nivået var for høgt, men eg føler eg klarte det heilt fint. Eg har gode medspelarar og det gjer at eg tør litt meir, seier Peter Aase og legg til:

– Når Eirik Bakke fortel meg kva eg skal gjere på midten får eg litt meir ro. Han er ei godt støtte for meg.

Kaptein Eirik Bakke spelte midtstoppar mot Hødd, og løyste den oppgåva godt. Jonas Olsson seier Bakke har kvalitetar i form av hovudspel og igangsetjing som gjer at han vurderer han som eit alternativ på midtstopparplass også når alvoret startar.

– Skal på landslaget

– Han spurde om eg ville spele midtstoppar i dag, og du seier jo ikkje nei. Du spelar der du får beskjed om. Det gjekk greitt, men eg kjenner det ikkje er så ofte at eg har spelt der, seier Bakke sjølv.

Men sjølv om vegen til ynskjeposisjonen på midtbana kan bli endå lenger for kapteinen når Peter Aase kjem tilbake, ynskjer han ungguten frå Florø hjarteleg velkommen.

– Det er ikkje mange som kjem opp så tidleg. Når me får han inn her skal han nok bli landslagsspelar etter kvart. Det er i alle fall målet vårt, seier Bakke.

For Peter Aase er har kamptilbodet vore det viktigaste til no. Det er langt betre med Florø sitt 3. divisjonslag, enn med Sogndal sitt rekrutteringslag i 4. divisjon. Og 4. divisjon kan fort bli det einaste kamptilbodet han får med førstelaget i eliteserien.

– Eg likar best å spele kampar kvar helg. Det er det eg alltid har gjort, men skal eg slå gjennom i Sogndal så må eg kanskje tole å ikkje gjere det, seier 16-åringen.

– Alder ingen hindring

Trenar Jonas Olsson seier likevel at dei to Florø-brørne har gode sjansar til å få speletid på høgste nivå. Olsson var kjend for å sleppe unge spelarar til i IFK Gøteborg, og vil halde fram med det same i Sogndal.


– Alder ser vi ikkje på. Det er kvaliteten som gjeld. Det spelar ingen rolle om han er 40 eller 15.

– Men kan dei få speletid når det begynnar å tette seg til i eliteserien?

– Ja, absolutt, seier Olsson.

– Tilliten er viktig

– Det betyr veldig mykje at dei har trua på meg og at Sogndal vil satsa på meg, seier Peter Aase – godt kjent med svensken sin tru på utviklingspotensialet hans.

– Du nemnde sjølv Eirik Bakke. Han spelte seg inn på førstelaget som 16-åring …

– Ja, han var på landslaget og han.

– Det er du og.

– Eg er jo det, seier Peter Aase lattermildt.