Hopp til innhold

– Eg er sjokkert over den ubrukelege tilrådinga

I dag blei det vedteke at Utvikfjellet skal vere ope fire gongar om dagen. – Dette vil skape meir forvirring, uvisse og sikkert enda fleire sinte bilistar, seier hotelldirektør.

Utvik. Flomskader. 2 dagar etter.4

EI BRU I RUINAR: Slik såg det ut etter at Storelva herja i Utvik. Brua er no under reparasjon.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– Vi har bestemt oss for å følge tilrådinga Statens vegvesen kom med før helga. Det vil bli opna for mindre køyretøy fire gongar i døgnet, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for samferdsle.

Hotelldirektør ved Alexandra

DÅRLEG LØYST: – Det er i sommarsesongen at dei som driv med turisme i Nordfjord legg grunnlaget for å betale rekningane resten av året. Vegen må opnast for alle køyretøy frå og med i dag, seier Richard Grov.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Då er det like greitt å halde vegen stengt, seier Richard Grov.

Grov er direktør for Hotel Alexandra og dagleg leiar for Loen Skylift. Han er ikkje fornøgd med løysinga.

– Vedtaket er utruleg skuffande. Fleire burde skjerpe seg og ta tak i dette. Det finnast midlertidige løysingar som fungerer. Her er det ineffektivitet og manglande vilje.

Avviser manglande vilje

– Dette er eit område med anleggstrafikk og massetransport. Vegane er smale og handterer ikkje store trafikkmengder, seier Dina Lefdal.

Ho meiner det ikkje er mangel på vilje.

– Nei, det vil eg ikkje seie. Det har vore stort fokus på å få både oversikt over skaden og få dei reparert slik at vegen kan opnast raskt. Det er ikkje berre å setje inn stor trafikk i eit område der ein skal bygge opp igjen både veg og bru.

Dina Lefdal

KAN IKKJE OPNE FOR ALLE: – Det er ikkje forsvarleg i forhold til arbeidet som skal gjerast og i forhold til opphopinga av bilar ein vil få med større trafikkmengder, seier Dina Lefdal.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Kunne ha vore på plass før

– Det er oppsiktsvekkande dårleg. Omkøyringsvegar kunne ha vore på plass mykje raskare og enklare. Dette kan løysast med til dømes lysregulering i begge endar. Eller ein kan sette inn trafikkdirigentar på begge sider, seier Grov.

Han meiner det er snakk om småpengar når det gjeld å få vegen på plass igjen.

– Det er ei lita investering i forhold til kva vi får tilbake av verdiar.

Skjønar frustrasjonen

– Vi skjønar frustrasjonen til næringslivet om at dei mister kundar og at det er ei lang omkøyring. Vi har stort fokus på å få opna vegen så raskt som mogeleg, seier Lefdal.

I første omgang er det først og fremst dei lokale som vil vere tent med opninga.

– Skilt og informasjon er ei utfordring. I størst grad er det dei lokale som oppfattar det. Det er vanskeleg å skilte at vegens skal vere open når det er så lite.

Veg rasa ut i Utvik flaumen

HERJINGAR: Slik såg det ut då Storelva herja. Dette er ei av bruene som no er under reparasjon.

Foto: Alf Vidar Snæland

Enkelt krav frå næringslivet

– Vegen må vere open for alle køyretøy frå og med i dag, seier Grov.

Men vegen blir ikkje opna for alle med det første.

– Det er vanskeleg å seie nøyaktig. Vegvesenet antydar i midten eller slutten av september. Men det er avhengig av kva krav ein får frå NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) om sikring mot elva, seier Dina Lefdal.