Hopp til innhold

Bilen til Herold vart dytta 30 meter opp i fjellsida: – Dette var dødsulukka eg overlevde

VÅTEDALEN (NRK): Måndag var Herold Kråkenes var tilbake på rasstaden der han trudde han skulle miste livet.

Herold Kråkenes tilbake på E39 der han vart teken av skred. Montasje

TILBAKE: – «Eg overlevde», skreik eg fleire gonger. Det var litt av eit kick.

Foto: Mesta/NRK

– Når eg ser snømassen her i dag, så skjøner eg kor heldig eg har vore, seier Kråkenes.

Han har vore på familiebesøk i Vågsøy i helga. På veg heim til Gulen tar han seg tid til å stoppe ved rasstaden der han truleg var nær å mista livet.

NRK er med når han for første gong er tilbake der eit digert snøskred skyvde bilen hans 30 meter opp i fjellsida.

Det 105 meter breie snøskredet målte fire meter på det høgaste.

– Dette var dødsulukka eg overlevde, seier Kråkenes.

– Har vore skikkeleg heldig

Det er tre døgn sidan skredet gjekk over E39 mellom Skei og Byrkjelo.

I staden for å bli gravlagt av dei store mengdene med snømasse, vart bilen løfta opp på raset.

– Eg veit ikkje korleis bilen hamna på toppen av raset. Når ein ser massane som er her så kunne han like gjerne lege på botnen av raset, seier Joar Flølo i Gloppen brann og redning.

Han og ein kollega frå Byrkjelo var dei første som kom fram til ulukkesstaden og hjelpte Kråkenes ut av bilen. I dag er han òg tilbake ved rasstaden for å møte sjåføren dei redda.

– Det er utruleg artig å treffe han igjen. Han har vore skikkeleg heldig, seier Flølo.

Joar Flølo og Herold Kråkenes

FLAKS: – Han har hatt englevakt, seier Joar Flølo (t.v.) i Gloppen brann og redning.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

– No er det siste gong du snakkar med meg

Under køyreturen prata Kråkenes med kjærasten på telefon. Då raset kom var alt ho kunne gjere å lytte til heile skrekkhendinga.

– Eg ropte til ho at «no er det over, det er siste gong du snakkar til meg. Eg kjem nok til å døy».

Då snømassane tok grep om bilen kjente Kråkenes på ei sterk kjensle av dødsangst. Tanken på at han kom til å bli kvelt var vond.

Men brått blei det stille. Kråkenes kunne så vidt sjå ut det eine bilglaset som var knust.

– «Eg overlevde», skreik eg fleire gonger. Det var litt av eit kick!

Kjærasten fekk med seg alt over telefonen. Etter kort tid ringde Kråkenes til naudetatane og dei kom raskt til staden.

– Det var trygt å sjå at der kom nokon for å hjelpe. Ein tenkte at no blir ein tatt hand om.

Å vere tilbake på rasstaden seier Kråkenes er veldig fasinerande. Han har ikkje reflektert så mykje over hendinga.

– Eg er berre glad for at det gjekk så bra, og så håper eg at ikkje andre opplever det same.

Bil tatt av snøskred

TEKEN AV RAS: Bilen som Herold Kråkenes var i blei flytta 20–30 meter opp i fjellsida då eit digert snøras gjekk over E39 mellom Skei og Byrkjelo førre fredag.

Foto: Mesta

– Leiker med liv

Snøskredet i Våtedalen fredag har igjen reist diskusjonen om rassikring av området.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) meiner at Våtedalen er rasutsett ved spesielle vêrforhold, men at strekninga mellom Førde og Florø er meir kritisk.

– Det beste er å rassikre begge stader. Men då ved nedskyting av rasfarlege snøskavlar i Våtedalen og ved å bygge tunnel mellom Førde og Florø.

Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) er ueinig i dette og seier at politikarane må ha tillit til fagfolka i Statens vegvesen når det gjeld kva strekningar som er mest rasutsett og som bør prioriterast.

– Dersom ein skal drive eit politisk spel med å ta pengar frå eit prosjekt som fagleg sett er høgt prioritert, blir som å leike med liv, seier han og held fram:

– Vi får vere sjeleglad for at det ikkje gjekk liv tapt denne gongen, seier Bjørlo om hendinga.

Her går raset over E39 i Våtedalen.