Hopp til innhold

Stort snøskred på E39 – bil teken

Ein bil har blitt teken av snøskred på E39 i Våtedalen. To bussar og fleire bilar var sekundar unna å bli tatt av snømassane.

SISTE: Det er sikkert kva tid vegen vil opne att. Geolog skal undersøke området laurdag.

Klokka 1720 fekk politiet melding om at det hadde gått eit snøskred over E39 i Våtedalen. Området ligg mellom Skei i Sunnfjord kommune og Byrkjelo i Gloppen kommune.

Dei første meldingane var at skredet var 150 meter breitt og 10 meter høgt.

Ein bil vart teken av raset, men føraren kom seg sjølv ut frå bilen. Han vart køyrt til legevakt for sjekk, opplyser politiet på Twitter.

Alle naudetatar og frivillige redningsmannskap vart sendt til staden. Politiet fekk tidleg avklart at det ikkje var fleire som var sakna i snøskredet.

Våtedalen

PÅ STADEN: Alle naudetatane er på staden.

Foto: NRK-tipsar

Evakuerer området

– Det var føraren av bilen som varsla naudetatane, fortel Frode Eide ved Alarmsentralen.

Medan redningsmannskapa var på plassen gjekk det snøskred rundt dei. Brannvesenet valde å evakuere heile Våtedalen.

– Det er utrygt, sa Eide til NRK.

Luftambulansen søkte over området, men dei såg ikkje sett teikn etter fleire personar og bilar.

Det er per no ikkje sikkert nok til å søke på bakken i området, melde politiet på Twitter i 18-tida.

Berre nokre timar tidlegare gjekk det eit stort snøskred litt lengre nord.

– Forfedelig kjensle

– Det var ei forferdeleg kjensle, fortel Kai Helge Aalhus.

Frivillige på Skei

FRIVILLIGE: Mannskap frå Røde Kors kom til Våtedalen, men også dei vart evakuert grunna fare for fleire ras. Her står dei på Skei.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Då snøskredet kom ned fjellsida stod han i Våtedalen og kjende redsla på kroppen. Få minutt etter snudde han og køyrde tilbake til Byrkjelo.

– Eg fann ut at her er det utrygt å vere, seier han.

Både bilar og bussar vart ståande på begge sider av snøskredet. Fleire såg skredet allereie i det snøen losna i fjellsida.

– Vi såg heile sida komme ned frå høgre, så vi stoppa opp, fortel Hans Ludvik Rogne.

Han kom køyrande på veg sørover gjennom Våtedalen då han såg snøen på veg ned.

– Det var ganske stort og var ein del buldring, seier han.

Buss køyrde mot skredet

Ein buss frå Tide var den første av to bussar med fem-seks passasjerar som var på veg mot Skei då snøskredet kom.

– Føraren var kring 500 meter unna då han såg noko skje i fjellsida. Då han såg skredet slo han på naudblinken, og la seg ut i vegbana for å ikkje sleppe forbi bilar. Selskapet er godt nøgde med måten han handterte situasjoenn på, seier regionsjef for Tide Buss, Eirik Sandnes.

Vegen stengd

E39 blir stengd fram til geolog har vurdert rasfaren i området, samt at vegen må ryddast for snømassane.

På grunn av enorm pågang på operasjonssentralen, har ikkje politiet kapasitet til å svare på spørsmål frå media.

Klokka 19 melde politiet at dei har starta å sende heim redningsmannskap på staden.

Vegtrafikksentralen seier omkøyring er via fv. 614 Grov-Isane i Ytre Sunnfjord. Køyretøy under 7,5 tonn kan køyre via fv. 615 Hyen, ifølgje Statens vegvesen.

Stengt

STENGT: Vegen er stengt ved Klakegg.

Foto: NRK-tipsar