Hopp til innhold

Vil omprioritere rassikringsmidlar

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø vil ta pengar frå E39 Våtedalen og bruke dei til rassikring av riksveg 5 mellom Førde og Florø.

Ingrid Heggø

VIL OMPRIORITERE: Ingrid Heggø er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Vi er opptekne av å ha eitt bu- og arbeidsområde, og då må vi ha ein trygg arbeids- og skuleveg mellom dei to sunnfjordbyane, seier Ingrid Heggø, som er Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet.

Då Nasjonal Transportplan vart lagt fram tidlegare i år vart E39 gjennom Våtedalen tilgodesett med 1, 3 milliardar kroner.

Omprioritering

Tidlegare i år gjekk floraordførar Ola Teigen ut og stilte spørsmål ved at det kom pengar til Våtedalen, Kjøsnesfjorden og Skjersura, medan riksveg fem mellom Førde og Florø som har høgast rasfaktor, ikkje var nemnt i Nasjonal Transportplan.

Dette var Heggø også oppteken av sin 1. mai tale i Førde.

– I Arbeidarpartiet meiner vi at vi må omprioritere til riksveg fem mellom Førde og Florø, som har svært mykje trafikk og mange ras, seier Heggø.

– Går ikkje an

I Jølster meiner ordførar Oddmund Klakegg at ein ikkje kan gjere som Heggø foreslår, å flytte pengar frå E39 i Våtedalen til riksveg fem mellom Førde og Florø.

– Eg trudde Heggø var klar over at det er ein nasjonal rassikringspott som er løyvd. Gjer ein om på dei prioriteringane er det ingen garanti for at pengane blir verande i Sogn og Fjordane, seier Klakegg.

Han tykkjer det er lite gjennomtenkt å no gå inn og gjere om på dei prioriteringane som fagetatane har rådd til.

– Då kan Sogn og Fjordane rett og slett gå glipp av desse pengane, og eg meiner at det er spesielt om Arbeidarpartiet no byrjar med ein politikk der ein ikkje legg faglege vurderingar til grunn.

– Då vert det vanskeleg å prioritere mellom vegar, seier Klakegg.