Vogntoget frå Måløy Havneservice kom med ferja frå Måløy til Oldeide og var på veg til Florø med bensin då ulukka skjedde.
På veg gjennom Skatestraumtunnelen
.– Føraren var rask og nytta ein av telefonane i tunnelen og fekk varsla 113 ganske raskt. Han fekk stogga all motgåande trafikk og bad dei om å snu, fortel dagleg leiar Bent Hammersvik.
Sleppte forbi ferjekøen
Medan føraren kom seg velberga ut av tunnelen og fekk stogga trafikken, er det uvisst om det er fleire bilar i den 1,9 kilometer lange tunnelen mellom Hamnen på Rugsundøya og Klubben på Bremangerlandet.
Helse Førde har sendt fire ambulansar og ein luftambulanse til staden. Politiet opplyser på Twitter at 13 personar har kome ut av tunnelen på Bremangersida. Førebels har ikkje politiet melding om hardt skadde personar.
– Føraren sleppte forbi alle bilane som var på ferja. Han visste ikkje om det var bilar bak då han gjekk gjennom tunnelen, seier Hammersvik.
Dyktig og erfaren førar
Han har inga forklaring kvifor hengaren losna. Føraren vert skildra som ein erfaren og dyktig førar med over 20 års fartstid i selskapet.
– Hengaren hadde nett vore på kontroll og alle papir var i orden, seier Hammersvik.
Vogntoget var byrja på oppoverbakken i den undersjøiske tunnelen. Farten skal ikkje ha vore stor.
– Hengaren byrja ikkje å brenne med ein gang, men føraren såg det kom bensin frå den etter at den trefte fjellveggen, seier Hammersvik.