Hopp til innhold

– Dei evakuerte fortel om ei dramatisk og svært alvorleg hending

FLESLAND (NRK): Mann i 50-åra omkom då oljerigg vart treft av store bølger i Nordsjøen.

Informasjonssjef Gisle Ledel Johannessen i Statoil Bergen

TOK IMOT EVAKUERTE: Statoil oppretta eit mottakssenter for dei 44 personane som vart evakuert frå boreriggen COSL Innovator onsdag 30. desember. Her er informasjonssjef Gisle Ledel Johannessen i Statoil.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Arbeidarane har hatt ein tøff dag saman og dei har mista ein kjær kollega. Dei evakuerte skildrar ein dramatisk og svært alvorleg hending. Dette er ein utruleg trist dag for oss, seier informasjonssjef Gisle Ledel Johannessen i Statoil.

Han møter NRK på mottakssenteret som selskapet har oppretta på Scandic sitt hotell på Kokstad i Bergen. 44 av dei 106 som var om bord på oljeriggen vart i natt evakuert hit med helikopter.

Ein mann i 50-åra omkom og to vart skadd då store bølger slo inn i boreriggen COSL Innovator på Troll-feltet i Nordsjøen onsdag ettermiddag.

Cosl Innovator

Riggen COSL Innovator, som jobbar for Statoil på Troll-feltet i Nordsjøen, opplevde at store bølger slo inn i bustadkvarteret. Ein mann omkom.

Foto: Kristian Eidesvik/Studio Eidesvik

Opptil 15 meter høge bølger

Ved mottakssenteret får dei evakuerte tilbod om krisehjelp frå medisinsk personell og psykolog. Ledel Johannessen i Statoil skildrar ein krevjande, men vellukka evakueringsoperasjon frå oljeriggen.

– Vêrforholda har vore veldig krevjande der ute i dag. Det har blåse orkan styrke i vindkasta og vi har fått skildra bølgehøgder på mellom 12 og 15 meter.

På grunn av vêret kunne ikkje redningshelikoptera til Statoil lande på riggen.

– Arbeidarane vart løfta med vinsj frå riggen og opp i helikoptera, ein og ein, fortel informasjonssjefen.

Det tredje og siste helikopteret landa på Flesland rundt klokka 23.40. Ingen av dei evakuerte arbeidarane ynskja å snakke med NRK natt til torsdag.

Også familie, kjærastar og vener til evakuerte var møtt opp på hotellet ved Flesland i natt, og fleire klemte kvarandre då arbeidarane var kome trygt fram.

Evakuerte ved Scandic-hotellet på Flesland etter ulukka på oljeriggen

44 personar vart evakuert hit til Scandic sitt hotell ved Flesland i Bergen.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Skader på bustadkvarter

Brottsjø skal ha slått inn bustadkvarteret på oljeriggen, som gjer oppdrag for Statoil ved Trollfeltet. Det er også på bustadkvarteret dei største skadane skal ha kome. Men omstenda kring dødsfallet og personskadane er ikkje avklara.

Skadeoverblikket får Statoil og COSL Innovator når det blir dagslys. Det er 59 personar att på riggen, som er på veg inn til land. Ein reknar med riggen er framme anten torsdag ettermiddag eller fredag morgon.

Han seier dagens evakuering er svært sjeldan, men at alt har gått etter boka etter ulukka skjedde.

– Ei slik ulukke set sine spor, kanskje ikkje i dag, men i morgon eller om ein månad. Det er viktig for oss at dei tilsette blir varetekne og vi stiller med dei ressursane som krevst.

Startar gransking

Petroleumstilsynet har bestemt seg for å granska den alvorlege ulukka på Troll-feltet.

I ei pressemelding skriv Ptil at dei ser svært alvorleg på hendinga, som er den første dødsulukka i petroleumsverksemda sida 2009.