Hopp til innhold

Hostar svarte sotklumpar fem månader etter branninfernoet

Den franske familien Louis er merkt for livet etter brannen i Gudvangatunnelen. Dei som opplevde røykinfernoet, slit med seinverknader som klaustrofobi, angst og astma.

Familien Louis

LIVREDDE: Den franske familien Louis opplevde sitt livs drama då dei hamna midt i branninfernoet i Gudvangatunnelen. Biletet er teke i Trollstigen nokre få dagar før dei skulle køyre gjennom Gudvangatunnelen.

Foto: Privat

– Det er uråd å tenkja seg korleis det var å vera der inne. Eg var så redd for å mista familien min, seier franske Valerie Louis.

Fem månader har gått sidan ho og familien uforvarande hamna i sitt livs drama. Framleis merkar dei den skakande hendinga i kropp og sinn.

Panikk

– Det treng berre vera ei lukt eller ein lyd, så er me tilbake i Gudvangatunnelen, fortel Louis.

Ho og dottera på 22 er framleis redde etter det som skjedde. Louis fortel om den sanselause frykta som kom att då ho var på eit tog til Paris, som stogga eit par minuttar i ein tunnel.

– Eg fekk panikk og hadde kome til å skrika eller grina viss det hadde vara lenger.

Inferno

Brann i Gudvangatunnelen

DRAMATISK: Det polske vogntoget byrja å brenne inne i Gudvangatunnelen.

Foto: Monika Blikås

Valerie Louis og over 70 andre menneske var langt inni den 11,5 kilometer lange Gudvangatunnelen 5. august i fjor, då dei blei fanga i stummande mørke og giftig røyk frå eit vogntog som hadde teke fyr.

I går kom det fram analysar som kan tyda på at bilistane kunne ha unngått å bli forgifta dersom retninga på røyken ikkje hadde blitt snudd. Men det blei han, og mange har fått seinskadar som Louis og familien, fortel lensmann i Lærdal, Per Thomas Klingenberg, som leier etterforskinga:

– Dei aller fleste har opplevd brannen som særs dramatisk. Folk som me snakka med to og ein halv månad etter ulukka, kan fortelja at dei framleis hostar opp sot og kjenner seg uvel, seier Klingenberg.

Klaustrofobi og angst

Politiet har avhøyrt 27 personar i dei 13 køyretøya som stod att i tunnelen etter at brannen var sløkt.

– Nokre har psykiske vanskar. Dei går framleis til psykolog, og det kan dei måtta gjera i lang tid framover. Folk er blitt redde for tunnelar, for å vera i lukka rom, som heisar. Så det er ikkje tvil om at dette har sett sitt preg på alle som var der inne, seier Klingenberg.

Røyken kom brått

Brann Gudvangatunnelen

MYKJE RØYK: Heile Gudvangen var ei stund røyklagt etter brannen i tunnelen.

Foto: Eirik Hylland
Gudvangatunnelen

UTBREND: Traileren vart heilt utbrend.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

For Valerie Louis og familien skulle norgesferien vera eit kjærkome avbrekk etter hektiske kvardagar i den vesle byen Chauray på den franske vestkysten. Den augustdagen hadde Louis, mannen, dottera og sonen vore på Nærøyfjorden.

Dei hadde leigd bil og skulle køyra frå Gudvangen til Flåm. Ni kilometer inne i Gudvangatunnelen måtte dei stoppa. Etter å ha venta i nokre minuttar forstod ektemannen at noko var gale og ville snu, men då var det for seint. I løpet få sekund kom tjukk, svart røyk veltande over dei. Det gjorde òg redsla.

Vanskeleg å pusta

– Det braut ut panikk. Me gjekk ut av bilen, men det var vanskeleg å pusta. Me høyrde bilar som krasja og folk som ropte, fortel Louis.

Ho og familien såg ikkje annan utveg enn å gå tilbake til Gudvangen. Brannen i vogntoget sperra på det tidspunktet den kortaste vegen ut av tunnelen mot Flåm.

– Eg hugsar at dotter mi då sa: «Jammen, pappa, det er jo ni kilometer til fots.» «Me har ikkje noko val», svara mannen min, fortel Louis.

Så arm i arm, utan sikt, famla dei fire seg fram langs den steinete tunnelveggen i tjukk, giftig røyk. Den siste kilometeren fekk dei sitja på i bilen til ein norsk familie, noko Louis er takksam for. Etter tre timar kom familien ut. Då spytta dei klumpar med sot, og alt var svart utanom augo.

Astma blussa opp

Den franske familien blei frakta til Voss sjukehus. Louis kan ikkje få rosa nok den helsehjelpa dei fekk der, men behandlinga kunne ikkje hindra dei etterverknadane røyken hadde påført dei.

Lenge var det uråd å trena fordi dei raskt blei kortpusta. Sonen på 19 fekk att den kraftige astmaen som han hadde hatt som liten gut. Og då dottera nyleg fekk influensa, kom dei fysiske seinskadane enno ein gong for ein dag.

– Ho hosta svarte klumpar med sot, så lenge etter ulukka. Det særs overraskande, nesten spektakulært. Eg skulle gjerne ha visst korleis lungene våre ser ut innvendig, seier Louis.

Såg døden i kvitauga

Sjølv om den femti år gamle juristen og familien hennar dei siste månadene har prøvd å leva slik dei gjorde før ferieturen til Norge, går tankane framleis ofte tilbake til ein mørk tunnel fylt av svart røyk.

– Eg håpar det ikkje skal vera så kjenslemessig sterkt for alltid, men det endra liva våre å sjå døden så nær. Tunnelbrannen vil vera ei oppleving me aldri kjem til å gløyma, seier Valerie Louis.

Bilistar som var innesperra under brannen i Gudvangatunnelen kunne unngått å få dei omfattande røykskadene. Det viser ein rapport frå Statens Vegvesen.
Då det byrja å brenne i tunnelen 5. august i fjor, vart røyken sendt i retning Gudvangen trass at det var på den sida av tunnelen det framleis var folk.
Kring 70 menneske måtte på sjukehus.

SJÅ TV-SAK: Bilistar som var inne i tunnelen samstundes som det brann i eit polsk vogntog, kunne unngått røykskadar.