Hopp til innhold

Har evakuert over 80 personar frå tunnelbrann - alle er sotete og slitne

– Evakuerte drakk vatn og hosta og harka, fortel Arne Veum frå Gudvangatunnelen etter at ein semitrailer byrja brenne i den 11 428 meter lange tunnelen i Sogn og Fjordane.

Ein lastebil tok til å brenne fleire kilometer inne i den over 11 kilometer lange Gudvangatunnelen i Sogn. Det var stor røykutvikling.

EVAKUERTE: Politiet har evakuert over 80 personar etter brannen i ein lastebil i Gudvangentunnelen. Video: Arvid Bakke

Politiet stadfestar at alle som har vore innesperra i Gudvangatunnelen er evakuerte. Brannsjef Arvid Gilje seier dei har avslutta finsøk i bilane og i tunnelen etter folk, men han stadfestar at mange personar er evakuerte.

Så vidt brannsjefen har oversikt over, har ingen omkomme i brannen.

– Det er berre flaks at ingen omkom. Alle har komme seg ut. Så mange som 80 personar kan vere evakuerte, seier Gilje. Det har vore ein fantastisk innsats frå bergingsmannskapet.

Arvid Gilje

FLASK AT INGEN OMKOM: Brannsjef Arvid Gilje seier det er berre er flaks at ingen omkom i brannen i dag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Gilje seier det framleis er mykje røyk i tunnelen. Det er minst 10-12 bilar framleis inne i tunnelen, det er ein buss der og ein trailer. Fleire av bilane er ikkje køyrbare etter brannen.

– Alle dei evakuerte er sende til sjukehus, høvesvis Lærdal og Voss sjukehus, med røykskadar eller fare for røykskadar, seier operasjonsleiar Jørn Lasse Refsnes i Sogn og Fjordane politidistrikt utan å kunne gå i detalj på alvorlegheitsgraden på skadane.

Ulukka skjedde 3,5 km inne i Gudvangatunnelen. Det låg røyk 8 kilometer frå tuennelen ut i Gudvangen, heile cruisekaia var dekt av røyk, fortel augevitner.

– Det er berre griseflaks at dette gjekk bra og at ingen har omkomme. Dei høyrde på råd frå oss om å bli i bilane og stenge vindauger, og gjerne finne eit vått handklede og puste gjennom det. Så dei kom ut og hosta og harka, og var veldig svarte. Så vi har hatt flaks. Og kjempeinnsats frå bergingsmannskapet, seier Gilje.

Hektisk aksjon

– Her er det hektisk aktivitet. Brannvesenet i Aurland har evakuert ut av Gudvangatunnelen 20-25 personar her eg står. Dei drikk vatn og hostar og harkar. Dei ser ut som turistar, seier augevitne og fotograf Arne Veum til NRK.no.

(artikkelen held fram under biletet)

Brann Gudvangatunnelen

8 KILOMETER MED RØYK: Heile Gudvangen var ei stund røyklagt etter brannen i tunnelen.

Foto: Eirik Hylland

Ifølgje VG skal minst 30 personar vere frakta til sjukehus, etter at ein lastebil tok til å brenne 3,5 kilometer inne i Gudvangatunnelen på E16 i Sogn og Fjordane.

Politi og brannvesen har hatt ein uoversiktleg og vanskeleg jobb, etter at dei fekk melding om lastebilbrannen i tunnelen om lag klokka 12:10 måndag.

Klokka 12:55 var brannen sløkt, men brannvesenet hadde store utfordringar med den enorme røyutviklinga. Røyk strøymde ut av tunnelen, og var synleg over store delar av Gudvangen.

Sterk røykutvikling

På grunn av røykutviklinga var mange menneske innesperra i bilane sine.

– Det er mykje aktivitet. Det er brannbilar og politibilar, og no er Sivilforsvaret på plass. Bilen som evakuerte turistane snudde og køyrde inn att i tunnelen i full fart for å fortsette å evakuere andre slik eg vurderer det, seier Veum.

– Korleis er tilstanden til dei som kjem ut?

– Dei var prega. Dei var sotete i ansiktet og var tydeleg prega av at dei hadde opplevd noko dramatisk. Dei som kjem ut hostar og harkar. Dei drikk mykje vatn. Men dei går sjølve. Her er mykje helsepersonell til å ta seg av dei - lege og helsepersonell.

– Kor mange kan ha komme ut av tunnelen?

– Eg vil tippe at det har komme ut ein 40 personar på den tida eg har stått her. Politiet seier dei ikkje har oversikt over situasjonen.

– Kva skjer vidare?

Dei tar ut folk, dei evakuerer folk med ein buss. Ein luftambulanse har letta med folk som er frakta vekk. Det er heilt tydeleg at det er f olk som er skada her.

Dette ein slik brann alle her i Gudvangen frykta skulle skje.

(artikkelen held fram under biletet)

Stor røykutvikling i tunnelbrann

RØYK: Brannressursar frå Bergen måtte kallast inn etter brannen i Gudvangatunnelen.

Foto: 03030-tipsar

Røyk veltar ut

Stine Larsen Ramsøy står like ved utgangen av Gudvangatunnelen. Ho fortel at det er mykje politibilar på staden og to ambulansehelikopter.

– Her er også mange røykdykkarar som spring inn og ut av tunnelen. Her er mykje røyk som veltar ut av tunnelopningen. Det er litt kaotisk rett og slett.

– Det kjem folk inn og ut av tunnelen heile tida. Amubulansen har køyrt forbi eit par gonger.

Har dei med seg folk som er skadde?

– Det trur eg for dei har passert med blålys og sirener. Ho seier det er 50-60 personar som deltar i redningsarbeidet. Eit av ambulansehelikoptera har frakta vekk folk.