Hopp til innhold

7-åring vart funnen fastbunden i seng: Faren heldt seg for øyra då tiltalen vart lest opp

Mannen i 30-åra nekta å svara på spørsmål om skuld då rettsaken mot han starta i dag. – Eg er ikkje ein gal person, uttala han skriftleg.

Forsvarar Ahmad Taha

Ahmad Taha forsvarar den tiltala mannen i 30-åra.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Hordaland tingrett vart sett måndag morgon.

Ein mann er tiltalt for grov mishandling av sonen i august 2022, kort tid etter guten kom til Noreg på familiegjenforeining.

Guten var 7 år då han vart funnen fastbunden til ei seng i farens leilegheit med omfattande skadar. Skadane hadde vore livstruande, hadde han ikkje fått hjelp.

Faren hadde sjølv tatt kontakt med barnevernet fleire veker før, men av ulike årsaker vart ikkje saka følgd tett nok opp. Saka bidrog til å felle byrådet i Bergen same år.

Mannen i starten av 30-åra vart måndag morgon køyrd til tingretten i ein politibil, og vart frakta inn i ein rullestol med fleire politifolk rundt seg.

Han var kledd i raud collegegenser og -bukse, og hadde ein stor kvit bandasje rundt hovudet. I rettssalen heldt han seg for øyra då tiltalen vart lest opp og då forsvararen hadde sitt innlegg.

Mannen svara ikkje noko på spørsmål om han vedgår straffskuld på dei ulike tiltalepunkta.

Les også Far skal ha bunde sjuåring fast i seng: – Den verste mishandlings­saka eg har sett

Huset hvor politiet fant mishandlet gutt

Ønska å forlate rettssalen

Likevel sa mannen sin forsvarar Ahmad Taha at han oppfatta at den tiltala ikkje erkjenner straffskuld etter tiltalen for grov mishandling av sonen.

Den tiltala ønska av helseårsaker å forlate salen og følge rettsmøtet frå eit anna rom, men dei sakkunnige ønska at han skulle vera fysisk til stades.

Dei skal vurdera hans psykiske helsetilstand gjennom rettssaka.

– Eg er ikkje ein gal person, uttala mannen via tolken, som las opp ei tekst etter første pause i retten.

Då hadde mannen fått på seg eit headset for å dempe lydane.

Han ønska ikkje å uttale seg munnleg til retten, men viste til at han har skrive to hundre sider om «heile sanninga».

Via tolken fortel han at han sjølv har vore utsett for urett i barndommen.

Forsvarar Ahmad Taha

Forsvarar Ahmad Taha.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Vil legge fram video av sonen

Forsvararen peika på at den tiltala søkte om hjelp og økonomisk støtte frå kommunen kort tid etter sonen kom til Noreg i juni 2022.

– Kor mykje kunne vore unngått om han hadde fått hjelp tidleg, allereie då han første gang tok kontakt med offentlege instansar, spør Taha.

Han varslar at han vil vise foto og video frå då sonen kom til Noreg og fram til han vart arrestert.

– Det viser ein far som er glad i sin son.

Strafferamme på 15 år

Statsadvokaten peika på at grov mishandling i nære relasjonar har ein strafferamme på 15 år. Han ønsker også forvaring.

Gjentakingsfaren er såpass stor at samfunnet må vernast mot vedkomande, seier statsadvokat Asbjørn Onarheim.

Retten skal ta stilling til kva handlingar det er bevist at tiltala har utført. I tillegg må dei ta stilling til om han er tilrekneleg eller ikkje.

– Det er oppfatninga til påtalemakta at han er tilrekneleg, seier Onarheim.

Men om retten finn at han ikkje er det, vil han be om tvungen psykisk helsevern.

Asbjørn Onarheim

Statsadvokat Asbjørn Onarheim.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Ingen haldepunkt for psykiske lidingar

Etter lunsj måndag las aktor opp ein uttale frå sakkundige ved Oslo universitetssjukehus. Den viser at den tiltala har vore i kontakt med psykisk helsevesen fleire gongar dei siste åra.

Rapporten slår fast at han har ei tilpasningsforstyrring. Han kan ha depresjon, men ikkje vere psykotisk.

– Tiltalte har ikkje samarbeidd om rettspsyskiatriske undersøkingar. Ein har ikkje funnet haldepunkt for å mistenkte psykose eller andre psykiske lidingar, seier Onarheim.

Derimot mistenker dei at han har simulert sjukdom for å oppnå sine ønsker og unnvike straff.

Hordaland tingrett

Frå venstre bistandsadvokat May Britt Løvik og statsadvokat Asbjørn Onarheim.

Foto: Silje Rognsvåg

– Skakande bilde

Rundt 30 personar skal vitne i saka. Det er fleire krimteknikarar, politietterforskarar og sakkunnige som står for tur. Eit tilrettelagt avhøyr av den fornærma skal også bli spelt av.

I tillegg kjem barnevernet i kommunen for å fortelje om hendingsgangen. Både barnevernet og Nav fekk slakt av statsforvaltaren i 2022 for ikkje å ha følgd opp den vesle familien då faren tok tidleg kontakt for å få hjelp.

Rettssaka skal gå for delvis lukka dører når det skal visast foto av den fornærma guten og andre bilde som kan vere identifiserande. Pressen får då referatforbod, men får vere til stades.

Politiet fann fleire hundre bilde på mobiltelefonen til den tiltala av den skada guten.

– Fleire av bilda er skakande, seier Onarheim.

Bistandsadvokat May Britt Løvik ber om erstatningskrav for den fornærma guten, og varig kontaktforbod.