Hopp til innhold

– Då må vi sitte i bussen og ikkje gjere noko, i staden for å gå i naturen

FRESVIK (NRK): Vik kommune må spare pengar og legg ned tre skular. Dermed mister dei tre borna nærskulen sin. Dei siste 10 åra har 25.000 elevar blitt råka av skulenedleggingar.

 Maria Elise Høgheim, Guro Bøthun og Ørjan Bøtun Lilleøren

SKULEVEGEN: På veg heim frå skulen i Fresvik spring Maria Elise Høgheim, Guro Bøthun og Ørjan Bøtun Lilleøren gjennom bringebæråkeren. Når skulen blir lagt ned blir det skuleskyss med buss.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Skulevenene Maria Elise Høgheim, Guro Bøthun og Ørjan Bøthun pleier å springe gjennom bringebæråkeren på veg heim. No ventar ei bussreise i staden for.

– Då må vi sitte i bussen og ikkje gjere noko, i staden for å gå i naturen, seier Maria Elise Høgheim.

I dag kan ho gå til skulen i Fresvik, men no skal den leggast ned. Då blir det skulebuss på dei tre klassekameratane frå den vesle bygda ved Sognefjorden.

Dei blir ein del av ein statistikken. Dei siste ti åra har om lag 25.000 elevar blitt påverka av skolenedlegging, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

Kommunestyret i Vik vedtok førre veke å legge ned tre av skulane i kommune og til saman 35 elevar må bytte skule. Kommunen skal spare 25 millionar kroner dei neste fire åra. Ved å legge ned dei tre skulane er det venta at kommunen vil kutte årlege utgifter med over fem millionar kronar.

Har blitt færre skular i distrikta

Siri Wølneberg Bøthun, er FAU-leiar ved skulen i Fresvik, der det i dag går tolv elevar. Ho meiner kommunen er med på å forsterke folketalsnedgangen når dei legg ned grendeskulane.

Siri Wølneberg Bøthun

FRESVIK SKULE: Siri Wølneberg Bøtun er FAU-leiar ved Fresvik skule og har vore med å kjempa for behalde skulen i bygda.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Det skjer ein skulereform i Noreg no som er utan politisk styring. Det handlar berre om å spare pengar og ikkje om pedagogikk eller samfunnsutvikling.

Saman med dei andre foreldra har ho kjempa for å behalde skulen i bygda. Ho meiner nærskulen er ein av grunnane til at folk buset seg her.

– Kommunane sparar seg til fant. Det einaste dei gjer er å spare inn på budsjettet i nokre år, men så endar dei opp med å forsterke den negative spiralen med befolkningsnedgang.

Dei siste ti åra har 482 skular blitt lagde ned i Noreg. Samstundes er det oppretta 198 nye skular. Det er i små kommunar med under 5000 innbyggjarar at flest skular har blitt lagde ned. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det er 20 prosent færre skular i desse kommunane i dag enn for ti år sidan.

Vil ikkje dømme kommunar

– Eg kan forstå at det er veldig frustrerande og at det er mykje kjensler knytt til nærskulen, men så stiller vi høge krav til skulane i dag av kva dei skal tilby om meistring og læring, seier Rikke Høistad Sjøberg (H), statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Ho seier at dei ikkje blandar seg inn i korleis kommunane organiserer skulestrukturen sin, og meiner kommunane har fått betre økonomi til å handtere dette.

– Generelt har kommuneøkonomien blitt styrkt dei siste åra. Det viktigaste vi diskuterer er korleis vi kan gjere skulen best mogleg. Vi kan ikkje dømme kommunar som vel å endre skulestrukturen sin, meiner ho.

Ordføraren i Vik, Olav Turvoll, medgjev at det ikkje er bra at økonomien får bestemme skulestrukturen.

– Når vi ikkje har økonomi til å behalde skulestrukturen, så er det det som blir styrande her og no. Det er jo ikkje heilt bra, det er kvaliteten på undervisninga og skuleveg og slikt som bør ha førsteprioritet, seier Sp-ordføraren.