Hopp til innhold

Sp-ordførar med på å leggje ned tre skular

VIK (NRK): Tre skular i Vik blir no lagde ned. Foreldre og born fortvilar. Sp-ordføraren seier det er viktig å vere ansvarleg.

Oddbjørn Ese og Olav Turvoll

LA NED SKULAR: Rådmann Oddbjørn Ese og ordførar Olav Turvoll (Sp) under kommunestyremøtet i dag. Høgre, KrF, alle frå Ap minus ein, ein frå Venstre og ein frå Sp (ordføraren) røysta for nedlegging. Sp bortsett frå ordføraren, ein frå Ap og Venstre bortsett frå ein røysta mot forslaget.

Foto: Kaia Johnsen / NRK

– Det er ikkje god Senterparti-politikk å leggje ned skular, men det er heller ikkje god politikk å køyre økonomien i grøfta, seier ordførar Olav Turvoll.

Skulane i Fresvik, Arnafjord og Vangsnes stod på kuttlista til rådmannen før kommunestyremøtet i dag. Å leggje ned skulane vil gi ei årleg innsparing på om lag fem millionar kroner.

Guro Bøthun, Maria Elise Høgheim og Ørjan Bøtun Lilleøren

SPENTE FØR MØTET: Guro Bøthun, Maria Elise Høgheim og Ørjan Bøtun Lilleøren er elevar ved Fresvik skule.

Foto: Kaia Johnsen Viki

Før møtet var elevane Guro Bøthun, Maria Elise Høgheim og Ørjan Bøtun Lilleøren ved Fresvik skule spente.

– Blir skulen lagt ned, blir bygda lagt ned. Då kjem det ikkje nye folk hit, sa Guro Bøthun.

Men i ettermiddag blei det altså bestemt. Tre grendeskular blir lagde ned med 10 mot 7 røyster.

Skuffa foreldre

Ann Cecilie Rinde som er forelder på Valsvik skule i Arnafjord, er fortvila.

– Eg sit med gråten i halsen, og eg er kjempeskuffa over avgjerda. Dette hadde eg ikkje trudd. Eg orkar ikkje sende borna min på skulebussen til Vik, for det er så dårleg vegstandard.

Julie Bøtun

FORTVILA: Julie Bøtun som er med i FAU ved Fresvik skule, er ikkje nøgd.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Heller ikkje Julie Bøthun som er med i FAU ved Fresvik skule, er nøgd etter dagens vedtak

– Det blir privatskule, elles må vi flytte på oss. Vi flytta ikkje heim for at han skulle sitje på skulebuss. Kommunen har eigentleg teke bit for bit, og no tek dei siste offentlege instans som er skulen.

Meiner dei måtte gjere det

Sp-ordførar Olav Turvoll seier det var naudsynt å ta denne avgjerda i dag.

– Det er ikkje moro å gjere nok slikt. Men økonomien har blitt så dårleg at vi held fram slik vi har gjort, er vi tomme for fond om to år. Her er valet mellom pest eller kolera. Hadde vi ikkje gjort noko no, hadde vi fått opp dette gong etter gong framover.

– Mange foreldre er skuffa over vedtaket. Ei av årsakene at dei må sende borna på rasfarleg vegar. Kva har de tenkt å gjere med det?

– Det er det største problemet. Vegen til Arnafjorden er ekstremt rasfarleg, og eg har mest sut for dei. Dei andre vegane kan vel karakteriserast som normale som vestlandsvegar i alle fall når Gotevik-tunnelen kjem.

Når det gjeld vegen til Arnafjorden, seier Turvoll at dei må få på plass løysingar.

– Det kan vere snakk om følgjepersonar i starten på grunn av seksåringane, og kanskje må elevane bruke breiband når det er skikkeleg dårlege meldingar. Vi må komme med tiltak før datoen for nedlegginga blir bestemt.

Mange i bygdene fryktar at andre ikkje vil flytte dit når skulane forsvinn. Turvoll er ikkje så veldig uroa.

– Eg trur ikkje det er så avgjerande som det blir framstilt. Om vegen er brukbar, er det eit pluss å komme til ein skule som er litt større. Det er også lettare å drive forsvarleg i større miljø.

TRE SKULAR BLIR LAGDE NED: Dei 12 elevane ved Fresvik skule skal til Feios skule som i dag har 31 elevar. Dei sju elevane ved Valsvik skule i Arnafjord og dei 16 elevane ved Vangsnes skule, skal til Flatbygdi skule i Vik sentrum. Her er det i dag 253 elevar.