Hopp til innhold

Askvoll: Meir enn 100 deltek i søket etter sakna mann

ASKVOLL (NRK): Meir enn 100 frivillige har meldt seg til å leite etter ein mann i 30-åra utover dagen fredag. Dagslyset gjer at fleire av dei same leiteområda blir søkt på nytt.

Samling i Askvoll etter leiting av sakna mann.

PAUSE I SØKET: Meir enn 100 personar deltek i søket etter den sakna mannen i Askvoll.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Det var torsdag ettermiddag at ein mann i 30-åra vart meldt sakna i Askvoll. Det førte til ein større leiteaksjon, som har gått føre seg gjennom heile natta.

Fredag blir aksjonen trappa opp.

– Vi har eit stort antall båtar i sving her no. Søket er godt i gong. Tanken er å søke opp igjen det området vi søkte i går kveld og i natt, i og med at dagslyset gir oss betre søkeforhold, seier lensmann Åge Løseth.

Hovudhypotesen er at den sakna har falle på sjøen. Mannen skulle ut og sjekke krabbeteiner torsdag ettermiddag.

– Vi konstaterer at påhengsmotoren i båten er borte. Kva som har skjedd i den samanhengen er ikkje så godt å seie. Hovudhypotesen er fall i sjøen av ein eller annan grunn, og kanskje då knytt til at påhengsmotoren har falt ut.

For leitemannskapa blir det også no viktig å leite på holmar og skjær, som det finst mange av langs kysten. Det er gode leiteforhold i området.

Leiteaksjon i Askvoll

GODE LEITEFORHOLD: Det er sol og lite vind i området i Askvoll fredag.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Mannen vart meldt sakna i går ettermiddag, kor stor er sjansen for å finne han i live i dag?

– Det er vanskeleg å seie. Men det er veldig fint ver på kysten no. Det er omtrent heilt vindstille. Havblikk. Håpet er ikkje heilt ute enno. Vi jobbar med det for auge at vi skal finne han.

Oppfordra til å leite

Både politiet og ordføraren rosar dei som har stilt opp i leiteaksjonen så langt både av frivillige og frå naudetatane.

Redningsskøytene «Halvdan Grieg» og «Utvær» deltek i leitinga. Det gjer også ambulansebåten og brannbåten i Askvoll, samt Røde Kors-båten frå Florø.

Leiting etter sakna i Askvoll. Bilete frå Redningsselskapet

SØK I NATT: Redningsselskapet og andre frivillige leita gjennom natta.

Foto: Redningsselskapet

– Det er mange frivillige småbåtar i søk og KV «Tor» er på veg inn i området for å delta, opplyser Hovudredningssentralen seint torsdag kveld.

KV «Tor» er eit av Kystvakta sine mindre fartøy som ofte blir brukt i slike leiteaksjonar langs kysten.