Kollegaene leiter etter den sakna brannmannen: – Det er mykje kjensler

AURLAND (NRK): Det har gått over fire døgn sidan brannmannen Christoffer Lysne Elgåen forsvann.

Den sakna Christoffer Lysne Elgåen (29) jobba i brannvesenet i Aurland.

LEITAR GRUNDIG: Det blir gjort ein stor innsats for å finne den sakna mannen. Onsdag kveld kjem ein miniubåt i søk og til helga er det venta at Kystvakta vil bistå.

Foto: Sunniva Hestenes / Aurland kommune / NRK

– Dette er veldig tett og nært, seier brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen.

Saman med over 40 andre deltek han no i leitinga etter Christoffer Lysne Elgåen (29) som har vore sakna sidan natt til sist laurdag.

Han var tilsett ved teknisk etat i kommunen og jobba i tillegg som brannmann.

Etter alt å døme har han falle utfor vegen og hamna i fjorden. Det gjer at leiteområdet er enormt stort. Straumane i Sognefjorden og sidefjordane er sterke.

I alt 16 båtar er med i leitinga. Onsdag kveld kjem det også ein miniubåt som kan søke heilt ned til 1000 meter.

– Det er mykje kjensler når vi skal leite etter ein av våre eigne. Det er tøft, seier Sørensen.

Den sakna var på veg langs Skjerdalsvegen i retning Aurland då han forsvann. Det er funne ting i sjøkanten som tilhøyrer 29-åringen.

Reinhardt Sørensen, Trygve Skjerdal, Knut Arne Klingenberg. Leiteaksjon

JOBBAR HARDT: F.v. brannsjef Reinhardt Sørensen, ordførar Trygve Skjerdal og politisjef Knut Arne Klingenberg. Over 40 mannskap og 16 båtar er i aksjon.

Foto: Sunniva Hestenes / NRK

Ber vitne ta kontakt

Knut Arne Klingenberg, som er sjef for politiet i Aurland, ber folk om å ringe dersom dei har tips i saka.

– Vi ønskjer å kome i kontakt med folk som kan ha ferdast langs Skjerdalsvegen natt til laurdag sist helg, oppmodar Klingenberg.

Han presiserer at hovudhypotesen er at han har falle utfor vegen og at forsvinninga er ei ulukke.

Onsdag har det blitt søkt langs strendene i Aurlandsfjorden heilt inn til Flåm, vidare inn Nærøyfjorden og heilt ut til Fresvik som ligg ved hovudfjorden.

Takkar frivillige

For Reinhardt Sørensen og dei andre i brannvesenet og kommunen er det tøffe dagar.

10 brannfolk er med i leitinga, saman med mannskap frå Røde Kors og andre frivillige.

– Det er heilt enormt, alle stiller opp. Eg må seie tusen takk til alle i Aurland.

Kor lenge dei kan halde fram leitinga utan funn er ikkje avklart. Men politisjef Klingenberg har eit klart mål.

– Eg håpar vi kan leite så lenge at vi kan få han Christoffer heim.