Hopp til innhold

Nye koronaforelegg: Fest i Bergen sentrum kosta deltakarane 120.000 kroner

Vest politidistrikt har gitt 14 nye førelegg for brot på smittevernreglane. Tolv av desse går til festdeltakarar, mens to kvinner får bot for test- eller karantenenekt etter å ha komme frå utlandet.

Torgallmenningen, 17. mai i Bergen sentrum

ARKIVBILETE: Store folkemengder samla seg på 17. mai i år. Festen politiet rykka ut til, hende den 1. mai.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Natt til 1. mai rykka politiet rykka ut til ein fest i Bergen sentrum. Der var det tolv personar til stades.

– Det kom meldingar frå naboar om feststøy som øydela natteroen, seier Kristina Caldwell, seksjonsleiar på felles straffesaksinntak i Vest politidistrikt, til NRK.

På den tida var det ikkje lov med fleire enn to personar utanfor eiga husstand på besøk i private heimar, som følge av høgt smittetrykk og ei lokal smittevernforskrift i Bergen kommune.

Det klarte ikkje gjengen i 20-30-årsalderen å forhalda seg til. No får alle festdeltakarane ein bot på 10.000 kroner kvar, etter ordre frå statsadvokaten.

Festa mens det var høgt smittetrykk

Husstandar med to eller færre personar kunne i mai ta i mot fleire enn to gjestar, dersom dei besøkande høyrte til same husstand. Taket var likevel på maksimalt ti gjestar.

Byrådet hadde derfor innført strenge restriksjonar for å hindre viruset i å spreie seg.

– To av førelegga er vedteke oversendt til statsadvokaten, men ti er ikkje svara på, seier politispektøren.

Ho kan ikkje svare på om festdeltakarane heldt god avstand, men påpeikar at dei uansett var alt for mange til stades på det tidspunktet.

– Dei var jo tolv på ein fest.

Nekta å ta inn på karantenehotell

Politiet har også sendt ei bot til ei kvinne i 30-åra som nekta å ta inn på karantenehotell etter å ha kome til Bergen med danskebåten frå Polen i byrjinga av juni.

Dette førelegget kom på 20.000 kroner.

Det siste førelegget er gitt til ei kvinne i 50-åra som nekta å la seg teste då ho kom til Flesland frå Spania i midten av juni.

– Ho kom til Flesland frå eit land med karanteneplikt, men nekta å la seg teste. På staden sette ho seg tvilande til gyldigheita til covidforskrifta, seier Caldwell.

Kvinna fekk ein bot på 10.000 kroner.

Dei to kvinnene har enno ikkje svara på om dei godtek boten.

– Dei er relativt nyleg sendt ut og no er det ferie, så det kan ta litt tid å få svar på førelegga, seier politiinspektøren.