Hopp til innhold

13 nye temperaturrekordar i mars

Varmt vêr har gitt til temperaturrekordar frå Tromsø til Nord-Vestlandet allereie andre helga i mars. – Ganske uvanleg, seier meteorolog.

Bø i Vesterålen 12. mars 2022

VARMEREKORD: Bø i Vesterålen er ein av stadane som sette ny varmerekord for mars i helga. Her var det målt ti grader.

Foto: Børre Magne Albrigtsen

Laurdag 12. mars var det målt heile 15, 9 plussgrader i Molde, men også 12 andre vêrstasjonar sette marsrekordar den andre helga i vårmånaden.

Rekordane blei sett langs kysten frå Kråkenes på Vestlandet til Tromsø i nord.

I Tromsø var det målt 9,7 grader laurdag.

Så mange marsrekordar tidleg i månaden er ikkje vanleg, seier vakthavande meteorolog Magnus Ovhed.

– Det er ganske uvanleg i og med at temperaturen generelt stig i løpet av mars månad i heile landet.

Varmerekordar andre helga i mars

13 REKORDAR: Det vart sett varmerekordar frå Kråkenes til Tromsø i helga.

Foto: Meteorologisk Institutt

Varmast i Ålesund

Ei uvanleg varm luftmasse over Noreg, høgtrykk og godt med sol førte til dei mange varmerekordane.

Høgst temperatur laurdag var målt i Ålesund, sjølv om 16,6 grader ikkje er rekord for byen.

Temperaturane er venta å gå noko ned, men det vil framleis vere mildt i vêret.

– Denne veldig varme luftmassen har forsvunne, men det er framleis ganske mildt i Noreg og vil vere det dei næraste dagane.

Skogbrannfare på Vestlandet

Mykje sol og vind dei siste par vekene har også ført til at Meteorologisk institutt har hatt ute farevarsel for skogbrannfare.

På Vestlandet sør for Stad er det gult farevarsel om skogbrann.

Dei siste dagane har brannmannskap i Vestland rykt ut på minst ni brannar som har vore ute av kontroll.

Seinast måndag kom ein grasbrann kom ut av kontroll mellom Tråvika og Austevollshellevegen i Austevoll, men brannvesenet lukkast med å sløkke brannen.

– Det er framleis tørt. Det kan kome nokre drypp av regn til natta i Agder og sør på Vestlandet, men det blir såpass små mengder at det har ganske lite å seie for skogbrannfare, seier Ovhed.

Først på onsdag-torsdag kjem det nok nedbør til at det vil kunne redusere skogbrannfaren, legg meteorolog til.

Oppmodar om å vere forsiktig med eld

Fungerande brannsjef i Kinn kommune, Robert Endestad, oppmodar folk om å vere forsiktige med bruk av open eld framover.

Særleg bør dei som skal bråtebrenne vere varsame, men brannsjefen seier også dei som tenner mindre bål bør tenke seg om.

– Det er ikkje generelt bålforbod akkurat no, men eg ber folk vere ekstra påpasselege no òg, seier Endestad til NRK.

Endestad seier Kinn kommune vurderer om dei skal innføre generelt bålforbod.