Hopp til innhold

13 kampar på rad utan tap: – Koronaperioden har vore bra for Sogndal

No vågar supporterane å håpe på opprykk. – Dei spelar strålande fotball og vi har sett oss sjølve i ein veldig god posisjon, seier supporterleiaren.

1. divisjon fotball 2020: Lillestrøm - Sogndal (0-2)

I FLYT: Sogndal har no spelt 13 kampar utan tap.

Foto: Annika Byrde / NTB scanpix

Etter ein trå start med tre tap på dei fem første kampane, har Sogndal sakte men sikkert festa grepet om ein plass i toppen av 1. divisjon. Dei siste 13 kampane har dei spelt utan tap. Det er 12 år sidan sist.

Berre opprykkssesongane 1976 og 1990 har klubben hatt betre periodar, med høvesvis 18 og 16 kampar utan tap.

– Vi har trent godt i perioden vi var ute på grunn av korona. Det er ein ung og svolten gjeng, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Trent på annan måte

Den tidlegare Leeds- og Brann-profilen meiner koronaperioden har gitt laget sjansen til å trene på ein annan måte enn til vanleg.

– Utan kontakt har vi fått trent mykje på relasjonar, noko vi kanskje ikkje hadde gjort om det ikkje hadde skjedd. Eg trur perioden har vore bra for laget.

Bakke meiner Sogndal berre blir meir og meir samspelte.

– Det er ein ung gjeng, dei blir betre og betre. Men det eg er mest imponert over er at dei er så stabile i prestasjonen. Eg ventar på at vi skal få ein på trynet, ler Bakke.

Eirik Bakke med Sogndal-legender i bakgrunnen

ANNLEIS TRENING: – Eg trur dei andre har trent godt òg, men vi har fått jobba på ein måte som passar godt for laget vårt, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Foto: Bård Siem / NRK

– Er i flytsone

Seinast mot Kongsvinger måndag viste Sogndal kva dei er gode for. Sluttresultatet blei 5-2 til Sogndal.

– Det var ein maktdemonstrasjon av ein fotballkamp, eigentleg. Eg er imponert over gutane, seier Bakke.

Med fire nye mål mot Kongsvinger, overtok Kristoffer Hoven trona som toppscorar i 1. divisjon med 15 mål. Spissen meiner Sogndal er i flytsona for tida.

– Vi er gode og har mange strengar å spele på, seier han.

Fått ein opptur

Det seier supporterleiar Øyvind Heimset Larsen seg samd i.

– Dei har rett og slett funne rytmen. Når du prøver på vanskelege ting, slik Sogndal gjer, så treng du litt kampar for å få det ut, seier han.

Hoven er ikkje eine og åleine årsaka til den solide forma.

– Det hjelper på, men Endre Kupen jobbar knallhardt for å gjere Hoven god. Så har du vingbackane, og midtbanespelarane... Det er mange som har medverka, seier han og vedgår at forventingane om opprykk er stigande.

– Vi er i høgste grad med i opprykkskampen, sjølv om det er lenge igjen. Kampen mot Ranheim blir ein nøkkelkamp, legg han til.

– Det blir ein tøff kamp neste laurdag, seier Bakke.

Laster innhold, vennligst vent..