Hopp til innhold

Fagrøsla ved stort verft seier nei til å bruka DAT frå Stord

Alle LO-klubbane ved Aker Solutions Stord skriv i eit brev til leiinga ved verftet, at verksemda bør droppa å bruka flyselskapet DAT på flyingar mellom Stord og Oslo, skriv Sunnhordland. Flyselskapet er skulda for å driva med sosial dumping, og ikkje følgje spelereglane i norsk arbeidsliv. Leiar i Fellesforbundet ved verftet, Finn Madssen jr, seier til avisa at han sjølv valte andre flyselskap då han deltok i frontfagsoppgjeret i Oslo.