Hopp til innhold

Ber norske styresmakter endra retningslinjer

Advokat Trygve Tveter meiner norske styresmakter må hjelpa personar med norsk opphaldsløyve ut frå Gaza. Bakgrunnen er saka til palestinske Jaber Yaghi, som har kone og to barn med norsk statsborgarskap i Noreg. Han kjem seg ikkje ut av Gaza, og norske styresmakter seier dei ikkje kan hjelpa han.

– Med bakgrunn i denne enkeltsaka meiner eg styresmaktene bør/må setta i verk ei snarleg endring av innhaldet i gjeldande instruks frå Utlendingsdirektoratet (UDI). Ein krigsskadd far og ektefelle til norske borgarar som er innvilga opphaldsløyve, skal hjelpast med utreise frå Gaza og innreise til Noreg, skriv Tveter i eit brev til justis- og beredskapsdepartementet.

Vanessa Yaghi med døtrene Ayla og Asya
Foto: Eli Bjelland / NRK