Hopp til innhold

Næringsministeren opna ny fabrikk i Årdal

Næringsminister Jan Christian Vestre opna denne veka Hydro sitt nye resirkuleringsanlegg for aluminium i Årdal.

– Dette er eit godt døme på at norsk industri går føre i omstillinga og sikrar seg ein konkurransefordel. I Årdal investerer Hydro i ny teknologi for å kutte eigne CO2-utslepp og skape grønare produkt som verda treng, sa statsråden.

Den nye legeringa inneheld 25 prosent brukt og resirkulert aluminium. Testleveransane viser at karbonavtrykket per kilo aluminium er redusert med nesten 70 prosent samanlikna med det europeiske gjennomsnittet.