Hopp til innhold

Familien Yaghi får ikkje hjelp til utreise frå Gaza

Norske styresmakter vil ikkje hjelpa Jaber Yaghi ut av Gaza og til Noreg. Kona Vanessa Yaghi og dei to døtrene deira er norske statsborgarar, og bur på Stord. I førre veke fekk han innvilga familiegjenforeining og mellombels opphaldsløyve i Noreg. Men det kan bli vanskeleg å koma hit.

– I tråd med vårt konsulære ansvar har me bistått norske borgarar, utanlandske borgarar som er busette i Noreg, og nære familiemedlemmer med gyldig opphald i Noreg som reiser saman med desse, med assistert utreise. Norske styresmakter kan dessverre ikkje tilby den same bistanden til andre utanlandske statsborgarar, skriv Utanriksdepartementet til NRK.

Så langt har UD hjelpt rundt 300 norske borgarar og personar med tilknyting til Noreg med utreise frå Gaza.

– Det har vore og er svært krevjande å få personar frå Gaza over grensa til Egypt.

Vanessa Yaghi saman med døtrene Ayla (3) og Asya (2)
Foto: Eli Bjelland / NRK