Hopp til innhold

Bombeskadd familiefar i Gaza vil til kona og borna på Stord

Trygve Tveter, advokaten til Jaber Yaghi, sende i dag omgjeringsbegjæring til Utlendingsnemnda.

Yaghi har fått avslag på familiegjenforening med kona og dei to døtrene sine som er norske statsborgarar busette på Stord.

– Han lir no under eit umenneskeleg
tilvære. Den stadig meir umenneskelege situasjonen i Gaza er nå så allment kjent at eg oppmodar Utlendingsnemnda til å utøve den største fleksibilitet og engasjement for å sikre hans liv og moglege samliv
med den vesle familien sin i Noreg, skriv Tveter.