Hopp til innhold

Ny sikkerheitsrapport: Fleire offer for løysepengeangrep

Ein fersk sikkerheitsrapport levert av Check Point viser at statsstøtta hacktivisme har eskalert, med ein merkbar auke i cyberkrigføring knytt til geopolitiske konfliktar.

I fjor haust åtvara Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) om bølgar av dataangrep i rapporten «Nasjonalt digitalt risikobilete». Særleg blir «profesjonaliserte, målretta og avanserte» cyberangrep mot gassforsyninga løfta fram.

Det europeiske organet for cybersikkerheit ENISA klassifiserer løysepenge-angrep som ein av dei primære cybersikkerheitstruslane i Europa.

– Løysepengeangrep har blitt ein epidemi og krev stadig meir avanserte sikkerheitssystem hos selskap. Norske selskap opplever kvar veke fleire hundre angrep og det blir sett større krav til robuste og oppdaterte løysingar, seier sikkerheitsrådgivar Pål Aaserudseter i Check Point Noreg.