Hopp til innhold

Sp og H snudde om regnboge-gangfelt

Det er Høgre og Senterpartiet som likevel støttar regnbogefarga gangfelt på fylkesvegane ved Rådhuskvartalet i Bergen, tre dagar etter at dei stemte mot. Fredag morgon opplyste fylkesordførar Jon Askeland til NRK at fargelegginga får fleirtal i fylkestinget.

Silja Ekeland Bjørkly (H) kallar det ei grei løysing at dette blir ei prøveordning.

– Dette vart ei meir betent sak enn me hadde trudd, og nokon opplevde det at vi sa nei som sårande. Det var aldri vår intensjon, seier ho.

Gamle Bergen rådhus (med rådhuset i bakgrunnen)
Foto: Leif Rune Løland / NRK