Hopp til innhold

Seier nei til regnbogefarga gangfelt

Politikarane i Vestland vil ikkje ha fotgjengarfelt som skulle heidra Kim Friele. – Meir firkanta og vanskelege enn dei treng å vera, meiner byråd.

Regnbogefarga fotgjengarovergang ved Lagunen kjøpesenter

«LERRET FOR POLITISKE MARKERINGAR»: Vestland fylke meiner det er trafikkfarleg og seier nei til slike fargar på fotgjengarfelt i Bergen sentrum.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Her hadde det vore fantastisk med eit regnbogefelt, der me snart skal opna Kim Frieles plass i samband med årets pridefeiring.

Det seier byutviklingsbyråd Ingrid Nergaard Fjeldstad (V) på veg over fotgjengarfeltet mellom rådhuset og Lille Lungegårdsvann.

Rundt om i Bergen har det denne våren blitt malt éin regnbogefarga fotgjengarovergang i kvar bydel.

På den måten ønsker bypolitikarane å signalisera at Bergen er ein inkluderande by, og å heidra noregshistorias fremste homoaktivist, Kim Friele.

No ønsker dei også å få laga eit par regnbogefelt i sentrum av byen.

For like sør for rådhuset ligg Kim Frieles plass. Og nordvest for rådhuset står sitteskulpturen «Benkene til Kim».

Ingrid Nergaard Fjeldstad i Kaigaten i Bergen

Byutviklingsbyråd Ingrid Nergaard Fjeldstad kritiserer fylkespolitikarane som ikkje vil tillata regnbogefarga fotgjengarfelt til dømes her like ved Kim Frieles plass.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

«Prisverdig, men nei»

Utfordringa er at vegane rundt rådhuset i Bergen tilhøyrer Vestland fylkeskommune.

Og fylkesdirektør Rune Haugsdal tilrår ikkje å gi løyve til regnbogefarga fotgjengarfelt på ein fylkesveg.

Han skriv: «Bergen kommune har kome med eit prisverdig initiativ som sender eit tydeleg signal om Bergen som ein mangfaldig og inkluderande by for alle.»

Men likevel rår han frå «å tillata at vegbana vert nytta som «lerret» for ulike uttrykk, bodskap og politiske markeringar.»

Han viser til omsynet til trafikktryggleik. Vidare argumenterer han slik:

«Trafikkareala skal kunna brukast av alle, og trafikkreguleringa skal verta forstått og respektert av alle, uavhengig av politisk ståstad og verdigrunnlag.»

Fylkesdirektøren meiner difor at markering av regnbogen bør skje på andre måtar i det offentlege rom.

Regnbogefarga fotgjengarovergang på Laksevåg i Bergen

Laksevåg og dei andre bydelane utanfor Bergen sentrum har i år fått eitt slikt gangfelt kvar.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Ulovleg?

Samferdselsutvalet i fylket er einig med Haugsdal.

Fleirtalet (Høgre, Frp, Sp, KrF og ein uavhengig) seier nei til eit eller fleire fargerike gangfelt i Bergen sentrum, medan Ap, SV og MDG sa ja.

– Det viktigaste er at det kan gå ut over trafikktryggleiken. Desse fargane kan verka forstyrrande og forvirrande.

Det seier Silja Ekeland Bjørkly i Høgre.

– I tillegg er det uklart om fargar i fotgjengarfelta i det heile tatt er lov.

Vestland fylke har derfor bede Statens vegvesen avklara det juridiske.

– Me kan ikkje gå på tvers av vegtrafikklova, seier Bjørkly.

Silja Ekeland Bjørkly

Silja Ekeland Bjørkly (H) seier trafikktryggleik, ikkje bodskapen, er grunnen til at ho seier nei til regnbogefarga fotgjengarfelt.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Firkanta

Leiar Torgeir Toppe i organisasjonen FRI Vestland er oppgitt.

– Dette er heilt firkanta. Eg forstår ikkje argumenta deira. Slike regnbogefelt gjer byen meir spennande, og initiativet frå Bergen kommune er ei god støtte til skeive.

Han viser til at det finst slike fotgjengarfelt i alle bydelar i Bergen og «over heile verda».

– Og dette er snakk om lysregulerte overgangar i 30-soner midt i sentrum, der folk køyrer sakte.

Torgeir Toppe i FRI Vestland

Torgeir Tysse i FRI Vestland meiner byen blir grå utan spennande fargar, mangfald og inkludering.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Også byutviklingsbyråd Fjeldstad er kritisk til standpunktet i Vestland fylke.

– Her er fylket meir firkanta og vanskelege enn dei treng å vera, seier ho.

Fjeldstad tilbyr at Bergen eventuelt kan betala for fargane og arbeidet. Ho kjøper ikkje argumenta om trafikktryggleik og feil arena for politisk markering.

– Me malar fargane mellom dei kvite stripene, og snakkar berre om ein eller to fotgjengarovergangar. Det tenker eg skal gå heilt fint, seier ho.

Marthe Hammer

Marthe Hammer (SV) vonar at fylkestinget i juni likevel seier ja til regnboge-overgang til dømes her mellom rådhuskvartalet og «Kim Friele-benkane» i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Respekt

Marthe Hammer (SV) håpar det likevel blir mogleg å få snudd fleirtalet når fylkestinget skal ta ei endeleg avgjerd 13. juni.

– Vår vurdering er at dette er heilt trygt og trafikksikkert. Regnbogefargane gjer det ikkje usikkert for trafikken.

Ho meiner fargane «gjer seg veldig godt» på gangfelt.

– Eg trur det vil bevisstgjera mange om at Bergen inviterer til mangfald, seier ho.

Bjørkly i Høgre seier fleirtalet følger dei klare råda frå fagetaten, Trygg Trafikk og Utrykkingspolitiet.

– Det er ikkje meininga å vera firkanta. Det er jo i utgangspunktet eit positivt initiativ. Me har stor respekt for arbeidet Kim Friele har gjort, seier ho.

Kim Friele

Noregs fremste homoaktivist, bergenske Kim Friele, døydde i 2021, 86 år gammal.

Foto: Therese Pisani / NRK