Hopp til innhold

- Hestehandel ikkje lurt av Sanden

Lærdalsordførar Arne Sanden får både støtte og motbør for forsøket på å gje slepp på fødestova mot å berge andre viktige funksjonar ved sjukehuset.

Arne Sanden

Ordførar Arne Sanden i Lærdal ofrar fødestova mot at sjukehuset i Lærdal får behalde ortopedien. - Eg trur ikkje det er lurt med hestehandel om sjukehus, seier politisk redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Slik det no er blitt, trur eg faktisk at det er mest fornuftig å handle hest. Greitt Arne, men då får du også syte for å handle på plass ein tryggleiksbase, seier tidlegare fylkesordførar, lærdalsordførar og økonomisjef ved Lærdal sjukehus, Knut O. Aarethun.

- Ikkje lurt

Knut O. Aarethun

Knut O. Aarethun aksepterar hestehandelen Sanden prøvar seg på, men meiner at då må sjukehuset få behalde ortopedi, gynekologi og røntgenlege.

Foto: Arne Eithun / NRK

Ordførar Arne Sanden vakte oppsikt då han i førre veke uttala at han er viljug til å ofre føden i Lærdal mot at dei får behalde den viktige ortepediavdelinga . I dag seier Sanden til Sogn Avis at han har fått klare signal på nedlegging av fødestova. Men ikkje alle er samde i at det er ein lur hestehandel han prøver seg på.

- Då bør han iallefall telje fingrar både før og etterpå, seier politisk redaktør i Sunnmørsposten, Harald Kjølås.

Kan slå attende

Medan Aarethun og Sanden trur utspelet fører til godvilje hjå eit Helse Førde-styret på jakt etter innsparingstiltak, trur Kjølås at ein slik hestehandel er ein risikosport som fort kan slå attende på lærdalsordføraren.

Harald Kjølås

Harald Kjølås er politisk redaktør i Sunnmørsposten.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Når ein byrjar å flytte element ut av eit sjukehus, så ramlar lett heile korthuset saman. No er det berre ei fødestove i Lærdal, og det er lettare å legge ned enn ei fødeavdeling. Men ei fødeavdeling krev kirurgisk kompetanse. Tek du fødeavdelinga, så reiser gjerne kirurgen og då reiser også akuttfunksjonen, seier han.

- Ein stad går grensa

Sunnmørsposten sin politiske redaktør har meir tru på ordlyden nordfjordingane sin aksjonsstrategi. Her har dei vald å kjempe for alle funksjonar.

- Det er klart at ein må prøve å samarbeide, men det er grense for kor mykje ein kan kutte utan at det går utover pasientane. Det må vere målet; å kutte slik at pasientane merkar minst mogeleg, seier Kjølås.

Eid og Volda utan fødeavdeling?

Ifølgje Kjølås er også sjukehuset i Volda i fare for å misse både kirurgi og fødeavdeling. Det kan gjere det vanskeleg med ei samordning mellom sjukehusa i Eid og Volda.

- Det er litt dumt at desse helseføretaka omstrukturerer seg i Nordfjord, når det berre er eit par år til Kvivsvegen opnar. Med berre ein halvtime imellom, er det mogelegheit for å sjå Eid og Volda i samanheng. Også på vaktberedskap, seier han.