Hopp til innhold

Ordføraren vil ofre føden i Lærdal

Ordførar Arne Sanden vil ofre fødestova ved Lærdal sjukehus.

Arne Sanden

Lærdalsordføraren vil gje slepp på fødetilbodet ved Lærdal sjukehus for å sikra ortopedien.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Me er villige til i gje slepp på den forsterka fødestova ved Lærdal sjukehus, og heller behalde den viktige ortepediavdelinga som er ved sjukehuset i dag.

Men ei slik ordning kan ikkje gjerast utan å stilla krav, forklarar Sanden.

– Det er rimeleg klårt at frå politisk hald i Lærdal og i Sogn, så vil me måtte stille sterke krav til helseføretaket når det gjeld deirar medverknad til å få gode følgjetenester og eit sikkert opplegg rundt transport i framtida.

Ei vanskeleg avgjerd

Sanden seier at det er vanskeleg for han som ordførar å gå ut og seie dette om eit så viktig tilbod som fødetilbodet til kvinnene i Sogn tross alt er.

– Det er smertefullt, seier han.

Låge fødetal

Det at fødetala har gått såpass mykje ned dei siste åra at tida, meinar Sanden gjer at tida no er inne til å innsjå at det bør endrast.

Han fortel at både helsegruppa i Sogn regionråd og politikarane i Lærdal står samla om utspelet.

No ventar Sanden politikarar i andre deler av fylket skal følgja etter det han karakteriserer som god vilje.

– At den politiske leiinga i dei andre regionane syner tilsvarande god vilje til å vera med, seier han til slutt.

Les andre saker om Helse Førde her.