Hopp til innhold

Kjenner seg overkøyrde av Sanden

Lokalpolitikarar i Lærdal er rasande etter at ordføraren har overkøyrt formannskapsvedtak

Jan Olav Fretland
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Framtida til Lærdal sjukehus kan ha blitt avgjort i eit politisk bakrom.


Påstod politisk semje

For knappe to veker sidan vedtok formannskapet i Lærdal ein resolusjon der det ikkje vart sagt noko om at fødetilbodet i Lærdal skulle endrast.

Men i går gjekk Arbeiderpartiordførar Arne Sanden ut og nærmast la ned det lokale fødetilbodet i Indre Sogn. Han skrytte på seg brei politisk semje.

- Me er villige til å gje slepp på det fødetilbodet som den forsterka fødestova ved Lærdal sjukehus i dag har, sa Sanden.

- Provoserande

Men ei ringerunde NRK har gjort viser at Sanden slit med ryggdekninga.

Arne Sanden
Foto: Cosmin Cosma / NRK

NRK veit at Arbeiderpartiordføraren har klarert utspelet hjå gruppeleiar for Senterpartiet, Lars Petter Nesse. Men ei ringerunde gjort til dei fire andre i Senterpartigruppa viser at utspelet til Sanden ikkje var kjent for dei.

Også Høgre, SV og Venstre er i mot. SV sin gruppeleiar Jan Olav Fretland finn utspelet til ordføraren lite imponerande.

- At det kjem no utan å vera drøfta i eit samla politisk miljø, er provoserande, seier Fretland.

- Uprofesjonelt

Marianne Øren frå Venstre som også er avdelingsleiar ved fødestova seier at Sanden i tillegg gjer feil valg når han vel ortopedi framfor fødetilbod.

Ho meiner at ortopedien er eit mindre viktig tilbod fordi pasientane fyrst og fremst kjem utanfrå distriktet.

- Ortopedi er ikkje eit tilbod ein genuint må ha, slik som ein generell kirurgisk teneste, ein indremedisinsk og eit fødetilbod.

Trond Einemo frå Høgre tykkjer det var lite lurt av Sanden å koma med utspelet.

- Eg tykkjer det er veldig uprofesjonelt. Ordføraren får sjølv svara for kor fornuftig utspelet er, men eg tykkjer ikkje det er veldig fornuftig.